Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  11. Ulike argumenttypar

11. Ulike argumenttypar


Oppvarming:


Argumenttypar

Faktaargument – viser til røyndommen (noko som er sant eller usant).
Eksempel: «Dersom billetten til skuleballet skal koste 500 kroner, har ikkje alle råd til å vere med.»

Fleirtalsargument – viser til kva «alle» gjer eller meiner.
Eksempel: «Alle andre bruker sminke, så derfor bør eg også få lov til å bruke det!»

Parallellargument – viser til liknande tilfelle.
Eksempel: «Sidan det har oppstått brannar på skuleball før, legg vi ned forbod mot stearinlys.»

Ekspertargument – viser til ein person som har god greie på eit fagområde eller tema.
Eksempel: «Fordi rektor har vore med på å arrangere 18 skuleball før, bør ho bestemme alle reglane.»

Omtankeargument – viser til positive konsekvensar for andre personar.
Eksempel: «Dersom vi avsluttar skuleballet klokka ti, får dei vaksne vaktene seg ei god natts søvn.»

Fornuftsargument – viser til kva som er sunn fornuft.
Eksempel: «Alle menneske som har litt IQ, skjønar at eg treng ny frisyre til skuleballet!»

Set ein «s» ved argument som de oppfattar som saklege, og ein «u» ved argument som de oppfattar som usaklege. Samanlikn med kvarandre. Kvar var de einige, og kvar var de ueinige?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne kjenne att og bruke ulike argumenttypar.


Runde 1: Kjenn att argumenttypar
  • Kvart par eller kvar gruppe trekkjer eitt temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Fyll ut tabellen nedanfor med argument som knyter seg til temaet som de har trekt. Pass på at argumenta de skriv, passar med den argumenttypen som er oppgitt i kolonnen til venstre.
  1. Faktaargument _____________________________
  2. Fleirtalsargument ___________________________
  3. Parallellargument ___________________________
  4. Ekspertargument ___________________________
  5. Omtankeargument __________________________
  6. Fornuftsargument __________________________

Runde 2: Skriv eit femavsnittsinnlegg med tre argumenttypar (individuelt arbeid)
  • Skriv eit lesarinnlegg med fem avsnitt om temaet som du arbeidde med i første runde. Bruk argument frå tabellen de laga. Lesarinnlegget skal ha fem avsnitt: innleiing (eitt avsnitt), hovuddel (tre avsnitt) og avslutning (eitt avsnitt). La kvart avsnitt innehalde fem ytringar.
  • Lag overskrift til lesarinnlegget. La overskrifta uttrykkje hovudsynspunktet i lesarinnlegget ditt.