Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  12. Publiseringsstader

12. Publiseringsstader


Oppvarming:
  • Les eller lytt til utdrag frå bloggen til kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (18. mars 2009).
    Media
  • Kva for teikn tyder på at teksten ovanfor er henta frå ein blogg?
  • Trur de at Solhjell ville ha ordlagt seg annleis dersom han skreiv eit diskusjonsinnlegg i Aftenposten? Forklar.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne tilpasse innhald og språkbruk etter kvar innlegget skal framførast eller stå på trykk.


De skal skrive eit diskusjonsinnlegg. Når de skriv, må de tenkje igjennom korleis innhald og språkbruk vil passe saman med staden der innlegget skal stå på trykk.

Runde 1: Vel publiseringsstad
  • Gå saman i par og trekk eit felles temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kast terning for å avgjere kvar diskusjonsinnlegget om temaet skal publiserast.
    Klikk for å kaste ein terning

Runde 2: Språkbruk
  • Diskuter kva slags språkbruk som passar seg i innlegget (for eksempel bruken av framandord eller slangord, lengda på setningar og avsnitt og talet på utropsteikn og spørsmålsteikn).
  • Lag ein tabell med to kolonnar:
    • La den venstre kolonnen innehalde ord og uttrykk som gjerne kan brukast i innlegget.
    • La den høgre kolonnen innehalde ord og uttrykk som ikkje bør brukast i innlegget.
  • Lag ein ny tabell med to kolonnar:
    • Lag ei overskrift som uttrykkjer eit synspunkt om temaet.
    • La den venstre kolonnen innehalde argument som gjerne kan brukast i innlegget.
    • La den høgre kolonnen innehalde argument som ikkje bør brukast i innlegget.
  • Skriv eit avsnitt som kan passe i innlegget. Vel sjølve om avsnittet skal vere plassert først i innlegget, midt i eller til slutt.

Runde 3: Skriv innlegget
  • Skriv heile innlegget.