Spørsmål og svar til ungdomseksperten
Spørsmål:
Hei!
Eg er ei jente på 15 år med eit stort problem. Eg kranglar alltid med bror min, og eg har lett for å seie veldig stygge ting til han. Nesten alltid ser eg at han får tårer i auga, sjølv om han er gut og nesten like gammal som eg sjølv. Etter slike kranglar blir eg veldig lei meg, for eg meiner eigentleg ikkje å såre bror min – og bror min kan eigentleg ikkje så mykje for at eg blir sint. Kva kan eg gjere for å behalde roa?
Else (15)
Svar:
Hei, Else!
Det er ofte slik at vi lèt frustrasjonen vår gå ut over dei aller nærmaste og dei vi er aller tryggast på, så det er heilt normalt at du blir sint innimellom. Det er likevel viktig å stoppe den negative oppførselen når det blir til eit stort problem for både deg og bror din. Derfor er det fint at du ønskjer å forandre på oppførselen din.
Først av alt bør du be bror din om unnskyldning for at du så ofte oppfører deg som ein dritsekk. Forklar han at raseriutbrota kjem fordi du sjølv er sur og tverr, ikkje fordi han har gjort noko gale eller oppført seg på ein dum måte.
Dessutan bør du finne teknikkar som du kan bruke når du kjenner at raseriet er i ferd med å gripe fatt i deg. Det kan faktisk vere lurt å telje sakte til hundre, seie alfabetet baklengs, be ei stille bønn eller springe tre gonger rundt huset. Finn ein teknikk som passar for deg!
Dersom du framleis føler at det er vanskeleg å meistre sinnet ditt, kan du for eksempel snakke med helsesystera eller sosiallæraren på skulen din. Kanskje har du opplevd noko som er vanskeleg, i livet ditt? Då kan det vere greitt å ha nokon vaksne å snakke med.
Helsing ungdomseksperten