Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  1. Spørsmål i lufta og fakta på bordet

1. Spørsmål i lufta og fakta på bordet


Oppvarming:
  • Les eller lytt til teksten «Bisarr goal etter dommertabbe».
    Media
  • Vel ut tre av spørsmåla under som de svarer på munnleg.
    • Kva er videodømming?
    • Finst det idrettar med videodømming?
    • Kor alvorleg er det eigentleg om dommaren dømmer feil?
    • Kor ofte bør dommaren stoppe kampen for å sjå på video?
    • Har fotballdommarar grunn til å frykte videodømming?
    • Kor mange videokamera treng ein for å filme ein kamp?
    • Kan kameramennene slette videoopptak dei ikkje liker?
  • Diskuter: Kva for av dei sju spørsmåla ovanfor kan de få svar på ved å søkje på nettet? På kva for nettstader vil de søkje etter svar?
 
Mål med aktiviteten:
  • Du skal kunne stille spørsmål til eit tema for å få fram gamle kunnskapar og nye idear.
  • Du skal kunne lage avsnitt som er bygde opp av spørsmål og svar.


Runde 1: Lag spørsmål til temaet
  • Finn fram skrivesaker og små papirlappar til å skrive på.
  • Kvar gruppe skal trekkje eitt temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Alle i gruppa har fem minutt på seg til å skrive spørsmål til temaet. Skriv eitt spørsmål på kvar papirlapp. Bruk gjerne spørjeord som kven, kva, kvar, når, korleis og kvifor i spørsmåla. Unngå ja/nei-spørsmål.
  • Samle saman alle papirlappane i gruppa. Sorter lappane slik at spørsmål som liknar på kvarandre, hamnar i same bunke.
  • Ta for dykk bunke for bunke. Diskuter kva for eit av spørsmåla i bunken som vil føre til den mest interessante diskusjonen om temaet.
  • Lag ei liste som inneheld det beste spørsmålet frå kvar bunke. På lista kan de også skrive ned gode spørsmål frå papirlappar som ikkje er plasserte i ein bunke.
  • Sjå på spørsmålslista og plukk ut dei seks beste spørsmåla.
  • Merk spørsmåla med tal frå 1 til 6.

Runde 2: Kvar kan de finne fakta om temaet?
  • Kast terningen. Den som får det høgaste talet, skal vere referent.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Referenten kastar terningen på nytt for å avgjere kva for eit spørsmål frå runde 1 gruppa skal begynne med.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Finn ut kvar de kan finne svar på spørsmålet:
    • Kom med forslag til personar som kanskje kan svare.
    • Kom med forslag til nettstader som kan innehalde verdifulle opplysningar.
    • Kom med forslag til søkjeord som kan gi gode treff i ein søkjemotor.
  • Referenten noterer forslaga og les opp for dei andre i gruppa kva de har funne ut.
  • Eleven som sit til høgre for referenten, tek over referentrolla og skriv ned forslaga til neste spørsmål. Hald fram slik til de har diskutert alle spørsmåla.

Runde 3: Skriv avsnitt med spørsmål og svar
  • Kvar elev i gruppa kastar terningen éin gong. Verdien av terningen viser kva for eit spørsmål eleven skal arbeide vidare med.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv av spørsmålet slik at det blir den første ytringa i eit avsnitt.
  • Gjer ferdig avsnittet ved å svare på spørsmålet. Svaret skal bestå av fire ytringar, der den aller siste ytringa kan vere ei form for avslutning på avsnittet.
  • Lag eit tilsvarande avsnitt for neste spørsmål på spørsmålslista. Hald fram til du har laga seks avsnitt, eller til læraren seier «stopp».
  • Les avsnitta opp for kvarandre på gruppa. Vurder kva som er gode løysingar, og korleis avsnitta kunne ha blitt endå betre.


Ei ytring er den teksten som er plassert mellom to store skiljeteikn (punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn). Eksempel på ei ytring: Eg støttar Evas forslag, men eg liker det ikkje.