Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  2. Argumentjakt

2. Argumentjakt


Oppvarming:
  • Høg musikk skader høyrsla.
  • Høg musikk skaper nabofeidar.
  • Høg musikk gir full nyting.
  • Svekt høyrsel kan gjere deg uføretrygda.
  • Høgtalarar er til for å brukast.

Ovanfor ser de fem påstandar om høg musikk. Tenk dykk at dei fem påstandane skal få plass i tre ulike avsnitt. Kva for påstandar kan plasserast i same avsnitt?
 
Mål med aktiviteten:
  • Du skal kunne samarbeide med andre for å finne fram til mange argument i ei sak.
  • Du skal kunne vurdere kva for argument som heng saman med kvarandre.


VARIANT 1
ARGUMENTINNSAMLING HOS NABOGRUPPENE

Arbeid i grupper. Kvar gruppe peiker ut ein argumentsamlar. Argumentsamlaren bør kunne skrive raskt og leseleg.

Runde 1: Finn argument for og imot
  • Argumentsamlaren skal trekkje eit temakort. Han eller ho må ha lappar til å notere på.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Argumentsamlaren skal flytte seg frå gruppe til gruppe og presentere temaet for kvar gruppe. Gruppene skal komme med forslag til argument for og imot temaet som kan brukast i eit diskusjonsinnlegg. Argumentsamlaren bruker to minutt hos kvar gruppe.
  • Argumentsamlaren skriv eitt argument på kvar lapp.
  • Når argumentsamlaren har besøkt alle gruppene og er tilbake i si eiga gruppe, er innsamlingsdelen ferdig.

Runde 2: Sorter argumenta
  • Legg lappane med argument som liknar på kvarandre, i same bunke.
  • Samarbeid om å lage eit tankekart med utgangspunkt i argumentbunkane. Sørg for at argument som passar saman, er plasserte inntil kvarandre på tankekartet.

VARIANT 2
IDÉDUGNAD – FLEIRE TEMA

De skal arbeide i grupper og samarbeide med dei andre gruppene om å finne argument til eit tema.

Finn argument for og imot
  • Kvar gruppe trekkjer eit temakort og får eit A3-ark til å skrive på.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Skriv kva som er temaet, i ein ring på midten av A3-arket.
  • Skriv deretter argument for og imot med utgangspunkt i det oppgitte temaet. Skriv tydeleg og ikkje altfor stort, for det skal vere plass til mange argument på arket. De har tre minutt på dykk!
  • Byt ark med neste gruppe (gruppe A leverer til gruppe B, gruppe B leverer til gruppe C, osv.) og skriv fleire nye argument til det temaet som står på arket. Blir arket fullt, held de fram med å skrive argument på baksida av arket. Bruk tre minutt på kvart tema. De held fram til arka har vore rundt hos alle gruppene og kvar gruppe har fått tilbake arket sitt.
  • Sjå på A3-arket som de har fått tilbake. Vurder kva for argument som liknar på kvarandre. Lag eit nytt tankekart der argumenta er ordna på ein ryddig måte. Sørg for at tankar som høyrer saman, blir plasserte nær kvarandre på tankekartet.
  • Ein på kvar gruppe kan eventuelt presentere tankekartet for resten av klassen eller norskgruppa.

VARIANT 3
IDÉDUGNAD PÅ EIGA GRUPPE

De skal arbeide i grupper og hjelpe kvarandre med å finne argument til ulike tema.

Runde 1: Finn argument for og imot
  • Kvar elev i gruppa trekkjer eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kvar elev lagar ein ring i midten av eit A4-ark og skriv temaet i denne ringen.
  • Start på eit tankekart. Skriv argument som du synest passar til temaet ditt. Du har tre minutt på deg!
  • Gi arket vidare til eleven til venstre for deg. Denne eleven les tankekartet ditt og skriv ned nye argument. Etter tre nye minutt går arket vidare til nestemann, og slik held det fram til alle i gruppa har fått høve til å skrive ned argument på alle tankekarta.

Runde 2: Sorter argumenta
  • Når du har fått tilbake tankekartet ditt, tek du fram eit helt nytt A4-ark. Lag eit pent og ryddig tankekart med utgangspunkt i dei argumenta som er skrivne på det første tankekartet. Sørg for at tankar som høyrer saman, blir plasserte nær kvarandre på det nye tankekartet.