Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  3. Ei fengjande opning

3. Ei fengjande opning


Oppvarming:
  • Ein elev skriv på eit lesarbrev om freding av norske rovdyr og har laga tre forskjellige innleiingar til lesarbrevet. Les eller lytt til teksten.
    Media
  • Kva for syn trur de at eleven har på norsk rovdyrpolitikk? I kva for ei av innleiingane
    • legg eleven mest vekt på sine eigne kjensler?
    • legg eleven mest vekt på kjenslene til lesaren?
    • legg eleven mest vekt på å framstå som kunnskapsrik?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne opne eit diskusjonsinnlegg på ulike måtar for å fange interessa til tilhøyrarane.


VARIANT 1
  • Gå saman i grupper
  • Kvar gruppe trekkjer eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Alle på gruppa kastar terning. Den som får det høgaste talet, begynner.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Den som begynner, skal kaste terningen to gonger for å avgjere kva slags innleiing innlegget om temaet skal ha.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Eleven skal fortelje til dei andre på gruppa korleis innleiinga til innlegget kan vere. Gruppa skal gi positiv tilbakemelding på gode idear og stille spørsmål som kan hjelpe eleven vidare.
  • Når alle deltakarane har gitt tilbakemelding, går turen vidare til eleven som sit til venstre for den som kasta sist.
  • Følg den same oppskrifta heilt til alle elevane har tenkt høgt rundt ei mogeleg innleiing til temaet.
  • Til slutt skal kvar elev skrive innleiinga si. La innleiinga innehalde mellom fem og sju ytringar.

VARIANT 2
  • Kvar spelar får ei spelebrikke og plasserer brikka i startfeltet på spelebrettet.
  • Kast terning om kven som skal begynne. Den som får det høgaste terningkastet, begynner.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Den første spelaren trekkjer eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Spelaren skal kaste terningen to gonger for å avgjere kva slags innleiing innlegget om temaet skal ha.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Dersom du fekk 1, 2 eller tre i første kast, bruk denne terningen:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Dersom du fekk 4, 5 eller seks i første kast, bruk denne terningen:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Spelaren snur timeglaset og begynner å snakke. Innlegget blir avbrote når timeglaset er tomt.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Dersom spelaren klarer å lage ei innleiing i tråd med instruksen, får han eller ho kaste terningen på nytt.
    Klikk for å kaste ein terning
    Spelaren får flytte spelebrikka si framover like mange plassar som terningen viser. La spelaren flytte brikka dersom de er i tvil. Flytt brikka langs den raude løypa på spelebrettet. Dersom spelaren ikkje greier oppgåva, går turen vidare til neste spelar.
  • Nestemann trekkjer eit nytt temakort og lagar ei innleiing. Kast terningen to gonger for å avgjere kva slags innleiing innlegget om temaet skal ha. Den spelaren som kjem først i mål, har vunne.
    Kort: Klikk for å trekkje
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning


Eit lite tips
De kan også bruke heile spelebrettet når de speler, slik at brikkene følgjer dei grøne pilane i eit sikksakkmønster mot mål.