Tre innleiingar til lesarbrev
Ein elev skriv på eit lesarbrev om freding av norske rovdyr og har laga tre forskjellige innleiingar til lesarbrevet:
A Tenk deg at du er på veg til skulen som vanleg. Du aner fred og ingen fare. Plutseleg høyrer du noko leven mellom trea. Redselen grip fatt i deg når du oppdagar ein ulv som stirer intenst på deg. Heilt urealistisk? Nei, ikkje her i Rendalen.
B Sauehald har tradisjonelt vore ei viktig inntektskjelde for mange bønder. Ein politikk som tek sikte på å verne dei store rovdyra, er ein trussel mot næringsverksemda i Østerdalen og vil føre til at endå fleire bønder må leggje ned drifta. Ønskjer stortingspolitikarane at Østerdalen skal bli avfolka?
C Sidan eg var ti år, har eg ått mine eigne sauer. Om somrane har eg passa på at sauene mine har det bra på beite. I fjor opplevde eg marerittet: Ein bjørn hadde angripe sauene mine og flerra dei opp med dei kraftige klørne sine. Det var vondt å sjå dyra mine slik, særleg sauen som framleis levde, men med magesekken hengande ut av kroppen.