Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  5. Synspunkt og overskrifter

5. Synspunkt og overskrifter


Oppvarming:

- Friminutta er dagens høgdepunkt

- Elevane bør få bevege seg fritt i matpausen

- Vaktselskap bør ta over inspeksjonsrundar for lærarar
  • Det er mogeleg å påstå at dei tre overskriftene ovanfor til ein viss grad dreier seg om det same. Kva for eit tema er felles for dei tre overskriftene?
  • Studer overskriftene ved å telje opp kor mange bokstavar det er i kvar linje. Kva trur de kan vere grunnen til at avisredaksjonar må ha ei bestemt linjelengd på overskriftene sine?

 
Mål med aktiviteten:
  • Du skal kunne utvikle eit synspunkt med utgangspunkt i eit oppgitt tema.
  • Du skal kunne formulere dette synspunktet i form av overskrifter med ulik lengd.


Runde 1: Finn synspunkt
  • Trekk eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Finn seks synspunkt med utgangspunkt i dette temaet. Samarbeid med makkeren din om å skrive dei seks synspunkta.

Synspunkt:

Runde 2: Lag overskrifter med ulik lengd
  • Kast terningen. Terningkastet viser kva for eit av dei seks hovudsynspunkta de skal arbeide vidare med.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Lag forslag til tre forskjellige overskrifter. Unngå bindestrek på slutten av linja.

A Overskrift over to linjer med mellom 10 og 16 bokstavar på kvar linje.

B Overskrift med mellom 15 og 20 bokstavar på éi linje.

C Overskrift over to linjer med mellom 15 og 21 bokstavar på kvar linje.