5. Synspunkt og overskrifter
Oppvarming:
- Friminutta er dagens høgdepunkt
- Elevane bør få bevege seg fritt i matpausen
- Vaktselskap bør ta over inspeksjonsrundar for lærarar
- Det er mogeleg å påstå at dei tre overskriftene ovanfor til ein viss grad dreier seg om det same. Kva for eit tema er felles for dei tre overskriftene?
- Studer overskriftene ved å telje opp kor mange bokstavar det er i kvar linje. Kva trur de kan vere grunnen til at avisredaksjonar må ha ei bestemt linjelengd på overskriftene sine?
Mål med aktiviteten:
- Du skal kunne utvikle eit synspunkt med utgangspunkt i eit oppgitt tema.
- Du skal kunne formulere dette synspunktet i form av overskrifter med ulik lengd.
Runde 1: Finn synspunkt
- Trekk eit temakort.
- Finn seks synspunkt med utgangspunkt i dette temaet. Samarbeid med makkeren din om å skrive dei seks synspunkta.
Synspunkt:
Runde 2: Lag overskrifter med ulik lengd
- Kast terningen. Terningkastet viser kva for eit av dei seks hovudsynspunkta de skal arbeide vidare med.
- Lag forslag til tre forskjellige overskrifter. Unngå bindestrek på slutten av linja.
A Overskrift over to linjer med mellom 10 og 16 bokstavar på kvar linje.
B Overskrift med mellom 15 og 20 bokstavar på éi linje.
C Overskrift over to linjer med mellom 15 og 21 bokstavar på kvar linje.