Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  6. Byggjeklossane i avsnittet

6. Byggjeklossane i avsnittet


Oppvarming:

Her er fem ytringar frå det same avsnittet i ein elevtekst om makt og kvinner. Rekkjefølgja er stokka om:

A Mennene var derfor skeptiske til arrangerte ekteskap med kvinner dei ikkje hadde sett før.
B Spørsmålet er om ei tilsvarande ordning kan innførast i dagens Noreg.
C Den gongen fekk kona behalde både hus og heim dersom ekteskapet gjekk skeis.
D For å finne ordningar som gir kvinner meir makt, kan vi ta lærdom av vikingtida.
E Dessutan passa mennene på å behandle kvinnene med verdigheit og respekt etter at dei var gifte.
  • Plasser ytringane A–E i den rekkjefølgja du meiner er riktig.
 
Mål med aktiviteten: Du skal lære å byggje opp avsnitt som små tekstar med innleiing, hovuddel og avslutning.

  • Lag avsnitt med fem ytringar.
  • Trekk eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Slå terningen to gonger for å avgjere korleis avsnittet skal starte.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv av startytringa (eller starten av henne) på eit eige ark. Dersom denne ytringa berre er halvferdig , må du fullføre ytringa slik at ho passar med temaet som du har trekt.
  • Fyll på med fire nye ytringar etter startytringa, slik at avsnittet til saman inneheld fem ytringar. La den siste (femte) ytringa vere ei slags avslutning på avsnittet, anten som ei slags oppsummering eller som ei mogeleg bru til neste avsnitt.
  • Sørg for at dei fem ytringane heng saman både innhaldsmessig og språkleg. Bruk samanbindarar som «likevel», «dessutan», «fordi» osv.
  • Skriv eit nytt avsnitt om det same temaet. Kast terningen på nytt for å finne ut korleis du skal opne det nye avsnittet.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Når du har skrive tre avsnitt til det same temakortet, forklarer du kva for eit avsnitt som du er mest fornøgd med, og kvifor. Diskuter gjerne med ein medelev.


Ei ytring er den teksten som er plassert mellom to store skiljeteikn (punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn). Døme på ei ytring: Eg støttar Evas forslag, men eg likar det ikkje.

Ei startytring er eit namn på den første ytringa i eit avsnitt.