Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  7. Femavsnittsinnlegg

7. Femavsnittsinnlegg


Oppvarming:

Innleiing
Tema: Å feriere i Noreg
Moment: Heia Noreg!

Hovuddel
Første avsnitt i hovuddelen
Tema: Plikta til å kjenne sitt eige land
Moment: Historie-, geografi- og språkkunnskapar

Andre avsnitt i hovuddelen
Tema: Bilferie med enkel overnatting hos slekt og venner
Moment: Sparsemd, slektsband, gode samtalar

Tredje avsnitt i hovuddelen
Tema: Turistmogelegheiter i Noreg
Moment: Lofoten, Jotunheimen, fottur, fiskevatn

Avslutning
Tema: Opplevingar for livet
Moment: Minner, felles referansar Tredje avsnitt i hovuddelen

  • Sjå på disposisjonen ovanfor. Kva er mest sannsynleg hovudsynspunktet til personen som har laga den? Grunngi svaret.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne planleggje eit diskusjonsinnlegg med fem avsnitt.


Runde 1: Planlegg eit femavsnittsinnlegg
  • Gruppa trekkjer eitt temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Bli einige om eit hovudsynspunkt.
  • Lag ein figur som liknar på disposisjonen på førre side.
  • Fyll ut disposisjonen med stikkord som passar med temaet de har trekt, og hovudsynspunktet de har valt. Hugs å skrive ned eit deltema for kvart avsnitt og moment (punkt) som bør vere med i avsnittet.
  • Gjenta den same prosedyren til de har laga disposisjonar til tre ulike tema.

Runde 2: Framfør innlegget
  • Kast terning om kven som skal framføre innlegget de har planlagt. Den som får høgast terningkast, skal framføre.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Eleven som skal framføre, får lov til å bruke disposisjonen under framføringa.
  • Eleven som skal framføre, snakkar i eitt og eit halvt minutt. Innlegget er altså ferdig når timeglaset er tomt for tredje gong.
    Timeglas: Klikk for å snu

Runde 3: Skriv innlegget (individuelt arbeid)
  • Vurder de disposisjonane som du har vore med på å lage, og vurder kva for ein disposisjon du vil arbeide vidare med.
  • Bruk disposisjonen som utgangspunkt for eit skriftleg lesarinnlegg med fem avsnitt.
  • La kvart avsnitt innehalde fem ytringar, slik at heile lesarinnlegget til saman består av 25 ytringar (fem avsnitt med fem ytringar i kvart avsnitt).


Ei ytring er den teksten som er plassert mellom to store skiljeteikn (punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn). Døme på ei ytring: Eg støttar Evas forslag, men eg likar det ikkje.