Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  9. Ei sak har alltid to sider

9. Ei sak har alltid to sider


Oppvarming:

Argument FOR dyrehagar:
  1. Lærelystne menneske kan reise til dyrehagane for å lære meir om dyr i nærmiljøet.
  2. Dyrehagane vernar trua dyreartar.
  3. Veterinærar og dyrlegar kan hauste kunnskapar som dei kan bruke på ville dyr.
  4. Dyrehagane kan redde livet til skadde dyr som ikkje ville ha overlevd i naturen.
  5. Dyrehagane kan tene pengar som kan gå til vern av regnskogen.
  6. For mange menneske kan dyrehagane vere den einaste staden dei kan sjå framande dyreartar i levande live.

Argument MOT dyrehagar
  1. Mange dyr viser teikn til stress og mistrivsel i dyrehagane.
  2. Nokre dyr blir misbrukte og vanskjøtta i fangenskap.
  3. Vitskapsmenn lærer mest om dyra ute i det fri.
  4. Det er gale av mennesket å redde ville dyr, for i naturen bør dei svakaste dyra døy.
  5. Dyr blir tvinga til å underhalde menneske for at rike dyrehageeigarar skal bli endå rikare.
  6. Dyra høyrer til i sine naturlege levestader.
  • Tenk dykk at de er i ein diskusjon der de berre får tid til å nemne tre av argumenta på kvar side. Kva for tre argument for dyrehagar ville de ha valt ut? Grunngi svaret.
  • Kva for tre motargument ville de ha valt? Grunngi svaret.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne finne argument som støttar fleire sider i ei sak.


Runde 1: Idédugnad
  • Gå saman i grupper på tre til fem elevar.
  • Trekk eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Bli einige om eit hovudsynspunkt med utgangspunkt i temakortet. (Eksempel: Dersom temaet er skuleuniform, kan hovudsynspunktet vere slik: «Vi bør innføre skuleuniformer i Noreg.») Samarbeid om å finne argument for og imot hovudpåstanden.

Hovudstandpunkt: ______________________________________________________________

Argument FOR
Argument MOT

Runde 2: Skriv eit femavsnittsinnlegg med støtteargument (individuelt arbeid)

Bruk tre argument frå kolonnen med argument som støttar hovudsynspunktet («argument FOR»), til å skrive eit lesarinnlegg med fem avsnitt. Sørg for at du grunngir argumenta dine godt. Uttrykk atterhald der det er på sin plass («mange», «stort sett»).

Runde 3: Skriv eit femavsnittsinnlegg med motargument (individuelt arbeid)

Bruk tre argument frå kolonnen med argument som motseier hovudsynspunktet («argument MOT»), til å skrive eit lesarinnlegg med fem avsnitt. Vis respekt for synspunkta til motparten, men gjer likevel det du kan for å gjere desse argumenta mindre gyldige. Trekk fram moteksempel og alternative forklaringar.