9. Ei sak har alltid to sider
Oppvarming:
Argument FOR dyrehagar:
- Lærelystne menneske kan reise til dyrehagane for å lære meir om dyr i nærmiljøet.
- Dyrehagane vernar trua dyreartar.
- Veterinærar og dyrlegar kan hauste kunnskapar som dei kan bruke på ville dyr.
- Dyrehagane kan redde livet til skadde dyr som ikkje ville ha overlevd i naturen.
- Dyrehagane kan tene pengar som kan gå til vern av regnskogen.
- For mange menneske kan dyrehagane vere den einaste staden dei kan sjå framande dyreartar i levande live.
Argument MOT dyrehagar
- Mange dyr viser teikn til stress og mistrivsel i dyrehagane.
- Nokre dyr blir misbrukte og vanskjøtta i fangenskap.
- Vitskapsmenn lærer mest om dyra ute i det fri.
- Det er gale av mennesket å redde ville dyr, for i naturen bør dei svakaste dyra døy.
- Dyr blir tvinga til å underhalde menneske for at rike dyrehageeigarar skal bli endå rikare.
- Dyra høyrer til i sine naturlege levestader.
- Tenk dykk at de er i ein diskusjon der de berre får tid til å nemne tre av argumenta på kvar side. Kva for tre argument for dyrehagar ville de ha valt ut? Grunngi svaret.
- Kva for tre motargument ville de ha valt? Grunngi svaret.
Mål med aktiviteten: Du skal kunne finne argument som støttar fleire sider i ei sak.
Runde 1: Idédugnad
- Gå saman i grupper på tre til fem elevar.
- Trekk eit temakort.
- Bli einige om eit hovudsynspunkt med utgangspunkt i temakortet. (Eksempel: Dersom temaet er skuleuniform, kan hovudsynspunktet vere slik: «Vi bør innføre skuleuniformer i Noreg.») Samarbeid om å finne argument for og imot hovudpåstanden.
Hovudstandpunkt: ______________________________________________________________
Argument FOR
Argument MOT
Runde 2: Skriv eit femavsnittsinnlegg med støtteargument (individuelt arbeid)
Bruk tre argument frå kolonnen med argument som støttar hovudsynspunktet («argument FOR»), til å skrive eit lesarinnlegg med fem avsnitt. Sørg for at du grunngir argumenta dine godt. Uttrykk atterhald der det er på sin plass («mange», «stort sett»).
Runde 3: Skriv eit femavsnittsinnlegg med motargument (individuelt arbeid)
Bruk tre argument frå kolonnen med argument som motseier hovudsynspunktet («argument MOT»), til å skrive eit lesarinnlegg med fem avsnitt. Vis respekt for synspunkta til motparten, men gjer likevel det du kan for å gjere desse argumenta mindre gyldige. Trekk fram moteksempel og alternative forklaringar.