Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Diskusjonsinnlegg  >  10. Å underbyggje argument

10. Å underbyggje argument


Oppvarming:
  • Les eller lytt til teksten «Stygg språkbruk frå sidelinja»
    Media
  • Kva for kjelder og sitat er nemnde i innlegget frå «Flau fotballfar»?
  • Diskuter: Om kjeldeopplysningane og sitata ikkje var med, ville innlegget da blitt svekt?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne vise til kjelder i ein tekst for å gjere argumenta dine meir truverdige.


Bruk av kjelder for å gjere argument meir truverdige

Du skal skrive eit diskusjonsinnlegg med fem avsnitt: eitt avsnitt til innleiinga, tre avsnitt til hovuddelen og eitt avsnitt til avslutninga. Tenk deg at diskusjonsinnlegget skal stå på trykk i ei seriøs dagsavis.
  • Bruk denne overskrifta: «Norske ungdommar bør skjerpe søvnvanane sine».
  • Kast terning for å bestemme korleis du skal byggje opp innleiinga di. Skriv innleiinga.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv hovuddelen av lesarinnlegget. Bruk tre av kjeldene på neste side, ei til kvart av dei tre avsnitta i hovuddelen av lesarinnlegget ditt. Bestem sjølv kva rekkjefølgje sitata skal ha. Sørg for at rekkjefølgja på sitata blir mest mogeleg naturleg. Sørg for at alle avsnitta i hovuddelen inneheld fem ytringar. Fyll ut med eigne tankar og kommentarar, slik at sitata ikkje blir ståande åleine.

Kjelder
  1. «Barn og unge drømmer mer enn voksne, fordi de har større behov for å bearbeide sanseinntrykk.» Kjelde: Nevrolog Per Egil Hesla (Dagbladet, 27. september 1998)
  2. «I puberteten forskyver den biologiske klokken seg. Det betyr at det er vanskeligere for tenåringer å legge seg tidlig. De får ikke sove.» Kjelde: Professor Torbjörn Åkerstedt ved Karolinske Institutet (Aftenposten, 20. januar 2006)
  3. Seks av ti nordmenn kjenner seg trøytte kvar dag. Tre av fire seier at dette går ut over jobben. Kjelde: Spørjeundersøking gjennomført for legemiddelfirmaet GlaxoSmithKlines i 2009
  4. Sju prosent av norsk ungdom har så alvorlege søvnproblem at dei har problem med å fullføre ei utdanning fordi dei ikkje kjem seg opp om morgonen. Kjelde: Tal frå Bergen Søvnklinikk (NTB-melding, 30. april 2001)
  5. «Barn og ungdom klarer ikke å gire seg ned ved leggetid fordi de chatter, ser på TV og sender tekstmeldinger. Mange går derfor på skolen med konsentrasjonsvansker og søvnproblemer.» Kjelde: Overlege Harriet Akre ved Søvnklinikken i Oslo (VG, 19. mai 2005)
  6. «Foreldre som sørger for at ungene står tidlig opp i helgene, gjør dem en stor tjeneste.» Kjelde: Søvnforskar Bjørn Brovatn ved Universitetet i Bergen (Aftenposten, 4. september 2006)
  • Lag ei passande avslutning på diskusjonsinnlegget. Sørg for at avslutninga peiker tilbake mot noko du har nemnt i innleiinga. La den aller siste setninga vere eit råd eller eit spørsmål til lesaren.