Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  1. Humor

1. Humor


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Nye ord er ein fin ting» av Are Kalvø.
    Media
  • Skriv ned formuleringar frå kåseriet som de synest er morosame.
  • Are Kalvø nemner ord «som er så nye at dei ikkje står i ordbøkene». Veit de sjølve om slike ord? Kan de forklare kva desse orda betyr, og korleis dei blir brukte?


 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke hurtigskriving som ein teknikk for å få fram humor i dine eigne tekstar.


Runde 1: Hurtigskriving med stikkord som utgangspunkt (individuelt arbeid)
  • Finn fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Kast terningen to gonger for å avgjere kva som skal vere stikkordet for skrivinga di. Kastar du først ein toar og deretter ein trear, skal du skrive om «julefeiring».
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Start på første runde med hurtigskriving:
    • Skriv i sju minutt.
    • Skriv det som fell deg inn. Du kan for eksempel veksle mellom ordforklaringar, eksempel, samtalar og små forteljingar. Setningane kan gjerne komme hulter til bulter.

Runde 2: Respons på hurtigskriving (pararbeid)
  • Gå saman i par og byt tekst med partnaren din.
  • Les teksten og leit etter det som er godt:
    • Strek under dei beste orda, formuleringane eller setningane.
    • Skriv ned tre forslag til partnaren din om poeng som han eller ho kanskje kan bruke i kåseriet sitt. Skriv desse forslaga som spørsmål («Kan du …?»).
    • Ros partnaren din dersom du oppdagar typiske kåseritrekk (for eksempel humor, overdrivingar, ord med dobbelttyding, uventa innfallsvinklar og eit munnleg preg).

Runde 3: Ny runde med hurtigskriving (individuelt arbeid)
  • Byt tekstar slik at du får tilbake teksten som du sjølv har skrive.
  • Sjå om du er einig i understrekingane som partnaren din har gjort. Set eventuelt eit par strekar sjølv under ord eller formuleringar som du er godt fornøgd med.
  • Start på ein ny runde med hurtigskriving. Skriv fritt i sju minutt til, men ta med deg de beste orda, formuleringane eller setningane frå førre runde.

Runde 4: Skriv ferdig kåseriet (individuelt arbeid)
  • Ta utgangspunkt i dei ideane du har fått, og tilbakemeldingane frå partnaren din og skriv eit ferdig kåseri med innleiing, hovuddel og avslutning.