Nye ord er ein fin ting. Eit ganske nytt ord som eg er svak for, og som i likheit med dei fleste nye ord eigentlig ikkje er spesielt nytt, men som i alle fall er såpass nytt at det framleis ikkje står i ordbøkene, det er verbet ”å hitle”.
No kunne eg sjølvsagt berre ha halde fram og føresett at alle veit kva det ordet betyr, og det ville naturligvis ha vore det mest elegante. Så kunne vi alle føle oss skikkelig flinke og smarte og cutting edge, men for sikkerheits skuld så skal eg forklare ordet. Verbet ”å hitle” kjem av det litt meir kjente ordet ”Hitler”, som var namnet på ein bitte liten, europeisk diktator. ”Å hitle” betyr rett og slett å øydeleggje ein debatt ved å trekke inn nazismen. For eksempel: ”Det er da voldsomt som du masar om at eg må rydde rommet mitt. Hitler var også veldig opptatt av orden.” Eller: ”Forby utanlandske flagg på syttande mai. Korfor kan vi ikkje berre gjere det skikkelig og be alle utlendingar om å gå med stjerne?”
Å trekke inn nazismen er ein sikker metode for å få ein diskusjon til å spore av. Og vi kunne funne på mange andre verb for det same. Nesten uansett kva for eit nazinamn du tek og gjer om til eit verb, så blir det eit morosamt ord. ”Å goebble”. ”Å himmle”. ”Å quisle” – som betyr å for eksempel kalle folk landssvikarar, viss dei gir uttrykk for at det er hyggelig at det går an å få både kebab og kjøttkaker i Norge.
Men det vi manglar eit uttrykk for, er det å øydelegge ein debatt ved å svare på noko heilt anna enn det motdebattanten seier. Det skjer heile tida, og gjer at mange debattar sporar av før dei har begynt. Viss nokon for eksempel seier at dei føretrekk å bli kalla "rom" i staden for "sigøynar", så kan du svare at vi kan ikkje drive å forby ord, sjølv om ingen har foreslått det. Det er ingen som har foreslått å forby ordet sigøynar. Det er nokon som har sagt at dei heller vil bli kalla noko anna, og det kan du meine er dumt eller hårsårt eller feil, men du kan ikkje påstå at det betyr å forby ordet sigøynar. Det er framleis lovlig å seie det. Eg har sagt det mange gongar allereie. Og eg kjem neppe til å bli putta i ordkasjotten.
Dette er også ein enkel og grei måte å øydeleggje ein diskusjon på: Når meiningsmotstandaren seier han er negativ til noko, så latar du som om han har gått inn for å forby det og altså er bitte litt diktatorisk av seg. Og så kan du ”hitle” han, viss du vil vere heilt sikker på å spore av debatten. Eller når meiningsmotstandaren din takkar nei til å delta på eit eller anna, så latar du som om han nektar å delta, og at han altså er typen som helst ikkje vil ha noko med spesielle gruppe menneske å gjere og nærmast ser på enkelte gruppe menneske som undermenneske. Ikkje ulikt … ja, du forstår.
Men vi manglar eit ord for dette med å spore av debatten ved å påføre motstandaren ei openbar uhyrlig meining som han eigentlig ikkje har, og så argumentere mot denne fordi det er lettare enn å argumentere mot det han faktisk meiner. Vi treng eit kort ord for det. Eit like kort og artig ord som ”goebble” eller ”quisle”. Så set i gang der heime. Finn eit nytt ord, diskuter og ver på vakt mot ”hitling”.