Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  2. Ironi

2. Ironi


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Den muslimske faren» av Sveinung Sundli.
    Media
  • Korleis kan de høyre at forfattaren ikkje meiner alvor?
  • På kva måtar kan det vere farleg å bruke ironi?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke ironi i eigne tekstar.


Runde 1: Planlegge eit ironisk kåseri
  • Gå saman i par.
  • Kast terningen for å avgjere kva for ein påstand de skal begynne å snakke om.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Sjå på påstanden under "Ironisk påstand".
    • Finn på argument og eksempel som kan støtte påstanden. Bruk fantasien!
    • Vel gjerne argument som kan verke dryge, eller eksempel som er litt spesielle.
    • Sjå for dykk ein person som støttar påstanden. Finn på replikkar som denne personen kunne ha sagt.

Eigentleg meining
  1. Det er for mange prøvar og altfor mykje stress på skulen.
  2. Alt i alt blir det drukke for mykje alkohol i Noreg i dag.
  3. Det er urettferdig at nokon tener seg søkkrike utan at dei eigentleg har gjort seg fortente til det.
  4. Norske fangar opplever for mykje luksus i fengsla.
  5. Vi har plikt til å verne flest mogeleg dyreartar mot utrydding.
  6. Det er skummelt at fleire og fleire av handlingane våre blir fanga opp av kamera og datamaskinar.
Ironisk påstand
  1. Det bør vere prøvar på skulen kvar einaste dag.
  2. Flest mogeleg bør vere fulle så ofte som mogeleg.
  3. Alle sjefar fortener månadslønn i millionklassen.
  4. Vi må gjere mykje meir for at dei stakkars fangane skal sitje igjen med flest mogeleg positive minne frå fengselet.
  5. Ville dyr er farlege, så det er berre fint om dei blir utrydda.
  6. Styresmaktene bør få vite alt om kva vi gjer – heile tida.

Runde 2: Vel tema og lag eit utkast til eit ironisk kåseri (individuelt arbeid)
  • Sjå på kolonnen «Eigentleg meining». Vel den meininga som du er mest einig i.
  • Bruk den ironiske påstanden knytt til den meininga du har valt ut, som overskrift i kåseriet ditt.
  • Skriv eit utkast til eit ironisk kåseri:
    • Skriv i ti minutt.
    • Lat som om du støttar synspunktet i overskrifta.
    • Legg inn nokre overdrivingar og feiloppfatningar som viser lesaren at du eigentleg ikkje meiner det du skriv.

Runde 3: Responsrunde
  • Byt utkast med partnaren din.
  • Les utkastet som du har fått i hendene.
    • Set strek under gode ord, formuleringar eller setningar.
    • Fortel partnaren din om det er lett for deg å oppdage at teksten er meint som ein spøk, eller ikkje. Forklar kvifor.
    • Foreslå eit par nye mogelegheiter for partnaren din («Kunne du ha …?» eller «Kva om du …?»).

Runde 4: Skriv ferdig kåseriet
  • Bruk det du no har lært om ironi som verkemiddel, og skriv ferdig eit kåseri med innleiing, hovuddel og avslutning.