Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  3. Retoriske spørsmål

3. Retoriske spørsmål


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Samtaler på bussen» av Marianne Meløy.
    Media
  • Kva slags bilete teiknar forfattaren av dei to personane som snakkar saman?
  • Skriv ned eksempel på retoriske spørsmål i kåseriet. Kva oppnår forfattaren ved å stille mange retoriske spørsmål i kåseriet sitt?

 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke retoriske spørsmål i eit kåseri.


Runde 1: To spørsmålstypar (arbeid i grupper)
  • Gå saman i grupper.
  • Slå terning om kva for situasjon de skal ta utgangspunkt i.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv fem faktaspørsmål og fem retoriske spørsmål om den situasjonen som de har valt.
  • Vurder om nokon av faktaspørsmåla i visse situasjonar kan bli oppfatta som retoriske spørsmål. Kan for eksempel faktaspørsmåla bli oppfatta som retoriske dersom dei blir lesne opp på ein spydig måte?

Runde 2: Skriv eit kåseri med retoriske spørsmål (individuelt arbeid)
  • Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Slå terning om kva for situasjon du skal bruke som utgangspunkt for kåseriet.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk ein oppdikta samtale som ein raud tråd for kåseriet ditt. Flett inn brotstykke frå samtalen i kåseriet ditt.
  • Still mange retoriske spørsmål undervegs i kåseriet:
    • om temaet for samtalen
    • om måten som samtalen blir gjennomført på
    • om ein eller to av dei som deltek i samtalen

Runde 3: Responsrunde (arbeid i grupper)
  • Gå tilbake til gruppene.
  • Les kåseria høgt for kvarandre. Les dei retoriske spørsmåla slik at det går tydeleg fram at dei er retoriske spørsmål, ikkje faktaspørsmål.
  • Gi kvarandre respons på kåseriutkasta.

Runde 4: Skriv ferdig kåseriet
  • Ta utgangspunkt i dei tilbakemeldingane du har fått, og skriv ferdig kåseriet ditt.


Eit retorisk spørsmål er eit spørsmål som avsendaren eigentleg ikkje forventar at lyttaren skal svare på.