Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  4. Språklege bilete

4. Språklege bilete


Oppvarming:
  • Les eller lytt til kåseriet «Fortiden i våre tenner» av Niels Chr. Geelmuyden.
    Media
  • Skriv ned ord og uttrykk som de normalt ikkje tenkjer på i samband med eit tannlegebesøk, men som i dette kåseriet blir knytte til eit slikt besøk.


 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke språklege bilete i dine eigne tekstar.


Runde 1: Lag språklege bilete (pararbeid)
  • Finn fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Kast terning for å avgjere kva for oppgåve de skal arbeide med. Snakk saman om kva for språklege bilete de kan bruke i eit slikt kåseri, og noter ideane. Lag eit kåseri der de ...
    Klikk for å kaste ein terning

Runde 2: Skriv delar av kåseriet (individuelt arbeid)
  • Begynn på kåseriet. Skriv i ti minutt.

Runde 3: Les opp tekstane for kvarandre (pararbeid)
  • Har nokon av dykk brukt språklege bilete som den andre ikkje har brukt?
  • Diskuter korleis de kan utvikle tekstane dykkar vidare.

Runde 4: Skriv eit nytt utkast til kåseriet (individuelt arbeid)
  • Legg den første teksten til side og skriv eit nytt utkast til det same kåseriet. Bruk eventuelt om igjen ord og formuleringar som du var spesielt godt fornøgd med.