Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  5. Overdrivingar

5. Overdrivingar


Oppvarming:
  • Les eller lytt til kåseriet «Om retteprogram og autokorrektur» av Olav Brostrup Müller.
    Media
  • Lag ein tabell med to kolonnar. I den venstre kolonnen noterer de ned orda og uttrykka slik dei såg ut før autokorrekturen. I den høgre kolonnen skriv de ned orda og uttrykka slik dei såg ut etter autokorrekturen.
  • Kommenter overdrivingane i kåseriet. Ser de noko mønster i overdrivingane?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke overdrivingar på ein verknadsfull måte i dine eigne tekstar.


Runde 1: Finn på overdrivingar (arbeid i grupper)
  • Gå saman i grupper.
  • Kast terning om kven som skal begynne. Den som får det høgaste kastet, begynner.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast terning for å avgjere kva for eigenskap ved deg sjølv du skal overdrive, og for å avgjere kva form for overdriving du skal leggje hovudvekta på.
  1. Første kast: eigenskap
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast: kva form for overdriving
    Klikk for å kaste ein terning
  • Snu timeglaset og skryt uhemma av den du kjem til å vere om ti år.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Når timeglaset er tømt, går turen vidare til den neste i gruppa.
  • Når alle har skrytt av seg sjølv to gonger, kan de diskutere kva former for overdrivingar de likte best.

Runde 2: Hurtigskriving (individuelt arbeid)
  • Kast terningen to gonger kvar for å avgjere kva som skal vere utgangspunktet for teksten.
  • Skriv utan stans i sju minutt. Fortel om kva og kvifor du diggar eller hatar. Legg vekt på å få fram kjensler. Overdriv gjerne.
  1. kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1 eller 2 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4 eller 5 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning

Runde 3: Les tekstane høgt for kvarandre (arbeid i grupper)
  • Les tekstane for kvarandre. Alle skal lese opp sin tekst og få kommentarar til den.
    • Fortel opplesaren kva for ein del av teksten som de klarte å leve dykk mest inn i.
    • Gi opplesaren forslag til poeng som han eller ho kan ta med i teksten.
    • Opplesaren noterer forslaga utan å kommentere dei.

Runde 4: Ny runde med hurtigskriving (individuelt arbeid)
  • Skriv eit nytt tekstutkast på sju minutt. Ta omsyn til responsen du fekk i førre runde.