Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  6. Pause og trykk

6. Pause og trykk


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Om været og hva vi har gjort med det» av Odd Børretzen.
    Media
  • Beskriv korleis han framfører kåseriet sitt. Les han raskt eller sakte? Varierer han tempoet? Tek han korte eller lange pausar? Les han med monoton eller levande stemme?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne variere tempo, pause og trykk for tydelegare å få fram innhaldet i eit kåseri.


Runde 1: Bruk av pausar
  • Gå saman i par og les utdraget frå kåseriet til Odd Børretzen nedanfor.

Det finnes noen som mener og sier at dette er bare tull, at klimaforandringer har jorda opplevd mange ganger, og jorda klarer seg som den alltid har klart seg. «At isen smelter på Nordpolen er i hvert fall ikke min skyld,» sier de. «Og det gjør ikke meg noe, jeg skal ikke til Nordpolen,» sier de. «Jeg har hytte på Geilo,» sier de og kjemper for lavere bensinpriser.
  • Diskuter kvar de meiner at ein opplesar bør ta ein liten pause. Set inn skråstrekar (/) med blyant der de meiner at pausane bør vere.
  • Diskuter kva for ord de meiner at ein opplesar bør leggje trykk på. Strek under med blyant der de meiner at trykka bør vere.

Runde 2: Bruk av pausar og trykk
  • Les utdraget frå kåseriet til Odd Børretzen i neste spalte.

Og vi tror dem nå, de fleste av oss, at vi kanskje er i ferd med å ødelegge den jorda vi lever på og er glad i, den jorda vi kjenner med blomster mellom trærne og myke sommervinder som får trærne til å synge, og med vann til å svømme i og seile på, og skoger til å gå i og hvor barn kan bygge hytter og mate sine ekorn. Vi tar det alvorlig nå, de fleste av oss, at vi kanskje driver på med å ødelegge den kloden vi lever på og er glad i. Og de fleste av oss er enige om at det må gjøres noe nå, noe smått og noe stort for å beholde vår vesle klode.
  • Kast terning for å finne ut kor mange gonger de skal ta små pausar på kvar linje. Dersom de får 1, skal de ta éin kort pause. Dersom de får 2, skal de leggje inn to korte pausar, osv.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast på nytt for kvar linje og les annankvar linje
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast terning for å finne ut kor mange ord de skal leggje trykk på i kvar linje. Dersom de får 1, strekar de under eitt ord som skal lesast med trykk. Dersom de får 2, strekar de under to ord som skal lesast med trykk, osv.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast på nytt for kvar linje og les annankvar linje.
    Klikk for å kaste ein terning