Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  7. Ordval og stemmebruk

7. Ordval og stemmebruk


Oppvarming:
  • Les eller lytt til kåseriet «Elefanter i sirkus» av Anne B. Ragde.
    Media
  • Kva for dyr blir nemnde i kåseriet? Kvifor nemner ho desse dyra?
  • Lag ein tabell med to kolonnar. Skriv ned plussord frå kåseriet i den venstre kolonnen og minusord i den høgre kolonnen.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne skape ei stemning i eit kåseri gjennom ordval og framføringsmåte.


Nedanfor ser de eit utdrag frå starten av kåseriet til Anne B. Ragde:

Da jeg skrudde på nyhetene her en morgen og fikk høre at Mattilsynet vurderer forbud mot elefanter på sirkus, var det rett før jeg vurderte å flagge. Det var sannelig på tide. For snakk om gufs fra fortida at mennesker i dag sitter og klapper for at slike stolte, store dyr står under en teltduk og løfter på et bein. En ting er jo forholdene der nedunder, alltid innestengt, alltid på farten i en tilhenger, kuet vekk fra sitt naturlige element. Det er de tingene som Mattilsynet skal se på, rett og slett dyrevelferden i det hele.

Runde 1: Framfør tekstutdraget på ulike måtar
  • Gå saman i grupper.
  • Bestem kven som skal framføre utdraget først.
  • Trekk eit framføringskort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Les opp kåseriutdraget slik framføringskortet seier.
  • Alle trekkjer framføringskort og framfører teksten to gonger kvar.
    Kort: Klikk for å trekkje

Runde 2: Plussord og minusord
  • Kvar elev trekkjer eit situasjonskort og bruker dette som utgangspunkt for eit kåseri.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kast terningen for å avgjere om du skal lage eit kåseri med plussord og/eller minusord.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv eit utkast til kåseriet. Skriv utan stans i sju minutt. Les opp kåseria for dei andre på gruppa. Gi respons til kvarandre.