Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  8. Avsendar og mottakar

8. Avsendar og mottakar


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Lekser» av Arne Hjeltnes.
    Media
  • Kva for argument blir brukte i kåseriet? Skriv ned stikkord mens de lyttar. Kven vender forfattaren seg til når han bruker ordet «du» i starten av kåseriet? Kven er avslutningshelsinga retta til?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne vende deg direkte til lyttarane og skape eit nært forhold mellom avsendar og mottakar.


Runde 1: Bestem kven som skal vere «eg» og «du» i eit kåseri
  • Gå saman par eller i grupper.
  • Trekk eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Tenk dykk at de ønskjer å lage eit kåseri med ein «eg»-person. Kven kan «eg»-personen vere i eit kåseri med det temaet som de har fått oppgitt? Skriv tre forslag.
  • Tenk dykk at «eg»-personen snakkar direkte til ein bestemt type mottakarar (for eksempel til tjuvar dersom temaet er kriminalitet). Skriv tre forslag til slike tenkte mottakarar («du»-personar).
  • Gjenta punkt 3–4 heilt til de har tenkt ut «eg»- og «du»-personar til seks ulike tema. Merk tema med tala frå 1 til 6.

Runde 2: Skriv kåseriet (individuelt arbeid)
  • Kast terning for å avgjere kva for eit av dei seks temaa du skal skrive kåseri om.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Legg vekt på å vende deg mest mogeleg til mottakaren når du skriv:
    • Bruk personlege pronomen.
    • Bruk ord og uttrykk som du er sikker på at mottakaren forstår.
    • Beskriv situasjonar og hendingar som du trur at mottakaren kan kjenne seg att i.
  • Bruk formuleringane som er oppgitt i tabellen nedanfor. Tre prikkar i ein parentes betyr at du bestemmer framhaldet:

Bruk desse formuleringane i kåseriet ditt:
Første avsnitt: God dag! Eg håpar at du som (…)
Andre avsnitt: Eg kan hugse at eg (…) Kan du hugse (…)?
Tredje avsnitt: Ein gong opplevde eg at (…) Har du opplevd (…)?
Fjerde avsnitt: Eg tenkjer at (…) Kva tenkjer du (…)?
Femte avsnitt: Eg er glad for at (…) Ha ein god dag vidare!
  • Skriv ferdig eit kåseri med innleiing, hovuddel og avslutning, med fem avsnitt til saman.