Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  10. Konkrete eksempel

10. Konkrete eksempel


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Feminisme» av Dang Trinh.
    Media
  • Kva er det som set i gang tankane hennar?
  • Kva har mora hennar med feminisme og kvinneundertrykking å gjere?
 

Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke konkrete personar, situasjonar og hendingar for å belyse eit samfunnsspørsmål.


Runde 1: Planlegg poenga i eit kåseri
  • Gå saman i grupper på tre og tre elevar.
  • Kast terningen to gonger for å bestemme kva for poeng kåseriet skal innehalde.
    • Eksempel: Viser terningen fem auge i det første kastet og to auge i det neste, skal kåseriet opne med ei skildring av ein snørrunge som ikkje får viljen sin. Slutten av kåseriet skal seie noko om vaksne som ikkje oppdreg dei unge.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terninga dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terninga dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Lag eit todelt tankekart på eit A4-ark.
    • Bruk den venstre delen av arket til eit tankekart om poenget som skal brukast i innleiinga.
    • Bruk den høgre delen av arket til eit tankekart om poenget som skal brukast i avslutninga.
  • Vel ein i gruppa som skal skrive ned ideane i tankekartet.
  • Ta fram kvart dykkar ark og lag ein disposisjon med utgangspunkt i det todelte tankekartet. Planlegg kåseriet både framanfrå (med utgangspunkt i innleiinga) og bakfrå (med utgangspunkt i avslutninga). Sørg for at det blir god samanheng mellom innleiing, hovuddel og avslutning.

Runde 2: Skriv kåseriet (individuelt arbeid)

Ta utgangspunkt i disposisjonen du har laga, og skriv kåseriet. Dersom du ønskjer å begynne frå starten, må du eventuelt slå terningen to gonger for å avgjere kva for eit tema du skal skrive kåseri om.