Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Kåseri  >  11. Raud tråd

11. Raud tråd


Oppvarming:
  • Lytt til kåseriet «Hver gang noe blir bedre, så blir noe verre» av Morten Lorentzen.
    Media
  • Kva for eksempel gir han på at folk kan vere misfornøgde med noko?
  • Nedanfor ser de korleis tre elevar vil beskrive oppbygginga av kåseriet. Forklar kven som har rett.

Alex: «Kåsøren fortel først om fortida, så om notida og til slutt om framtida.»
Camilla: «Kåsøren fortel først om familien, så om bergensarar og til slutt om nordmenn.»
Federico: «Kåsøren fortel først om røyndommen, så om ein draum og til slutt om eit mareritt.»
  • Kva for eit av ordtaka i tabellen på neste side passar best til Morten Lorentzens kåseri?
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne bruke eit ordspråk som gjennomgangstema for eit kåseri.


Lag eit kåseri med utgangspunkt i eit ordtak

Runde 1: Snakkerunde
  • Gå saman i grupper.
  • Kast terning om kven som skal begynne. Den som får det høgaste kastet, får begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast terningen to gonger for å avgjere kva for eit ordtak de skal begynne med.
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1 eller 2 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 3 eller 4 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Den eleven som fekk det høgaste kastet, fortel eller diktar opp ei historie som passar til ordtaket. Snu timeglaset tre gonger før turen går vidare til nestemann.
  • Også nestemann fortel eller diktar opp ei historie som passar til ordtaket, men prøver å finne ein annan vri.
  • Hald fram til alle i gruppa har laga ei forteljing som passar til ordtaket.
  • Den eleven som avsluttar runden, kastar terningen på nytt for å avgjere kva for eit ordtak de skal arbeide med i neste runde. Når de har gjennomført tre snakkerundar, går de vidare til runde 2.

Runde 2: Planlegg og skriv kåseriet
  • Kvar gruppemedlem vel kva for eit ordtak han eller ho vil arbeide vidare med. Vel blant dei tre ordtaka som gruppa har fantasert rundt i snakkerundane.
  • Lag ein plan for korleis kåseriet skal byggjast opp. Kva for små historier skal forteljast eller nemnast som ein del av kåseriet? (Tips: Teikn ei perlekjede der kjeda er «den raude tråden» og kvar perle er ei lita historie.)
  • Skriv kåseriet. Gjenta ordtaket fleire gonger undervegs, for å gjere det tydeleg for lesaren korleis dei ulike delane av kåseriet heng saman.