1. Stemningsfulle avsnitt
Oppvarming:
Stemning: Uhyggeleg
Fortel om stemninga: «Det var uhyggeleg der.»
Viser stemninga: «Arne visste ikkje kva for veg han skulle sjå. Pøbelgjengen rasla med kjettingane og mumla seg imellom. Gata låg i halvmørke. Søpla flaut.»
Stemning: Opplyfta
Fortel om stemninga: «Stemninga var opplyfta.»
Viser stemninga: «Smila breidde seg utover ansikta. Lensmannen retta seg opp i ryggen og peikte bestemt mot staden dei skulle leite. Han kvitra på sognemål for første gong på tre veker. Den tørre byråkratstemma var lagd bort.»
Stemning: Sørgjeleg
Fortel om stemninga:
Viser stemninga:
- Set strek under minusorda og lag ein runding rundt plussorda i kolonnen til høgre. Forklar korleis enkeltord kan vere med på å forsterke ei stemning.
- Diskuter korleis de kan lage eit avsnitt som skaper ei sørgjeleg stemning hos lesaren. Fyll inn stikkord i tabellen ovanfor.
Mål med aktiviteten: De skal kunne skape avsnitt med bestemte stemningar.
Runde 1: Skriv eit avsnitt med ei bestemt stemning
- Gå saman i par.
- Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
- Trekk eit situasjonskort.
- Slå terningen to gonger for å avgjere kva slags stemning som skal prege avsnittet:
- Første kast
- Andre kast
- Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
- Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
- Diskuter korleis de kan skape ei slik stemning:
- Vil de bruke handlingsreferat, tankereferat, replikkar eller skildringar?
- Kan de velje ord som vekkjer bestemte kjensler?
- Skriv eit avsnitt som passar til situasjonskortet og stemninga. La avsnittet innehalde minst 50 ord. Bruk den oppgitte stemninga som overskrift for innleiinga.
- Slå terningane på nytt for å bestemme ei ny stemning til den same situasjonen. Skriv til saman tre avsnitt med ulike stemningar.
- Trekk eventuelt nye situasjonskort og skriv avsnitt til tre stemningar.
Runde 2: Diskuter avsnitta med andre par
- Set dykk saman med eit anna par.
- Hald innleiinga dykkar skjult for det andre paret, slik at dei ikkje kan sjå overskriftene til avsnitta som de har skrive.
- Les avsnitta for det andre paret. La dei gjette kva slags stemning de har prøvd å skape.
- Diskuter galne svar: Kva var grunnen til at det andre paret gjetta feil?