2. Personskildring
Oppvarming:
Ein mann blir kalla for «Kloke Kevin».
- Korleis kan det ha seg at «Kloke Kevin» har fått tilnamnet sitt?
- Lag éi forklaring som viser at Kevin har brukt klokskapen sin for å løyse problem for andre.
- Lag éi forklaring som viser at Kevin er så klok at han skaper problem for andre.
- Kva er forskjellen på å vere klok og å vere for klok? Finst det andre eigenskapar som berre er gode inntil eit visst punkt?
Mål med aktiviteten: De skal kunne framstille eigenskapane til ein person ved hjelp av skildringar, replikkar og tankereferat.
Runde 1: Bestem eigenskapar
- Gå saman i par.
- Kast terningen for å finne ut kven som skal vere hovudperson i forteljinga:
- Første kast
- Andre kast
- Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
- Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
Runde 2: Lag ei skildring av personen
- Skriv ned stikkord om hovudpersonen:
- namn og alder
- utsjånad (frisyre, klesstil og liknande)
- familiebakgrunn
- Diskuter kva som er typisk for kroppsspråket til hovudpersonen. Skriv stikkord.
Runde 3: Skriv standardreplikkane til personen
- Dikt opp tre standardreplikkar som hovudpersonen ofte seier.
- Samarbeid om å skrive ein kort samtale mellom hovudpersonen og ein annan person på lista over. Gi kvar person fem replikkar.
Runde 4: Skriv tankereferat
- Skriv kvar dykkar tankereferat der personen fortel om noko han eller ho ofte irriterer seg over.
- Les teksten opp for den du samarbeider med.
Runde 5: Skriv ei forteljing
- Skriv kvar dykkar forteljing om korleis det går når dei to hovudpersonane dykkar møtest på ein litt uventa stad. Legg stor vekt på personskildringane.
- Bruk alle dei fire forteljemåtane – skildringar, replikkar, tankereferat og handlingsreferat.