Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  3. Miljøskildring

3. Miljøskildring


Oppvarming:

Hei, tante Doris! Lenge sidan sist. Vi er komne til Barcelona, og her skal vi vere i fire dagar. Hovudgata er smekkfull av turistar, butikkar og restaurantar – no har vi akkurat brukt tre timer på å flytte oss 50 meter! På ein eller annan måte er stemninga heilt annleis her enn i Noreg. Musikken er muntrare og meir levande, og det er som om folk er på nippet til å syngje når dei snakkar med kvarandre. I skuggen er det over 35 plussgradar. Sveitten renn, og vi skiftar T-skjorte minst fem gonger dagleg. Regntøyet har vi førebels ikkje fått bruk for, men takk likevel!
Helsing Espen.
  • Kva slags forhold trur de Espen har til tante Doris?
  • Kor mykje veit Doris om turen frå før, trur de? Bruk opplysningar frå kortet for å grunngi svaret.
  • Trur de at Espen ville ha ordlagt seg på den same måten dersom han hadde sendt postkort til ein kompis? Kva for opplysningar trur de at han ville ha behalde? Kva trur de at han kunne ha lagt til?
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne skrive levande miljøskildringar.


Aktiviteten passar både for par og for grupper. De skal late som om de reiser til ulike stader på spelebrettet, og skrive postkort eller reisebloggar frå desse stadane.

Skriv eit postkort
  • Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Kast terningen to gonger for å bestemme kvar de skal skrive postkort frå.
    Klikk for å kaste ein terning
    Klikk for å kaste ein terning
    • Det første kastet viser kva for ei rad brikka skal stå i (sjå på dei grøne talverdiane i den oransje ytterkanten av spelebrettet).
    • Det andre kastet viser kva for ein kolonne brikka skal stå i (sjå på dei raude talverdiane i den oransje ytterkanten av spelebrettet).Studer den ruta på spelebrettet som terningkastet har ført deg til. Bruk eitt minutt på å skrive stikkord til kvart av punkta nedanfor.
    • Kva for lydar kan de høyre?
    • Kva for lukter kan de kjenne?
    • Kva kan de sjå? Kva kan de sjå som ikkje er avbilda på spelebrettet?
  • Kast terning for å avgjere kven de skal skrive postkort til. Kast terningen éin gong kvar.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv postkortet. Skriv slik at den som mottek kortet, får kjensla av å vere med på reisa. Legg stor vekt på å skildre synsinntrykk, smakar, lukter og lydar.
  • Avslutt skrivinga etter sju minutt – postkortet skal ikkje innehalde meir enn 120 ord.
  • Les postkorta for kvarandre:
    • Kven har greidd å skildre synsinntrykk på ein god måte?
    • Kven har greidd å skildre lukter på ein god måte?
    • Kven har greidd å skildre lydar på ein god måte?
    • Kven har greidd å skrive eit postkort som er tilpassa mottakaren på ein god måte?
  • Start om igjen. Kast terningane på nytt for å avgjere kva for ei rute det neste postkortet skal vere skrive frå.
    Klikk for å kaste ein terning
    Klikk for å kaste ein terning