Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  5. Parallellhistorier

5. Parallellhistorier


Aktiviteten går ut på at de skal samarbeide om å lage ei forteljing. Til hjelp får de bruke spelebrettet med illustrasjonar frå ulike miljø. Aktiviteten passar best for grupper på fire elevar.

Tilleggsutstyr: spelebrikker
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne flette enkeltståande hendingar saman til ei felles historie.


Runde 1: Plasser brikker på spelebrettet
  • Gå saman i grupper på fire elevar.
  • Finn fram fire spelebrikker.
  • Kast terningen for å avgjere kvar på spelebrettet brikkene skal stå. De skal berre bruke den indre, illustrerte delen av spelebrettet, som er merkt med verdiane 1 til 6 i utkanten av brettet.
    Klikk for å kaste ein terning
    • Kast terningen to gonger for å avgjere kvar den første brikka skal stå.
      Klikk for å kaste ein terning
      Klikk for å kaste ein terning
    • Det første kastet viser kva for ei rad brikka skal stå i (sjå på dei grøne talverdiane i den oransje ytterkanten av spelebrettet).
    • Det andre kastet viser kva for ein kolonne brikka skal stå i (sjå på dei raude talverdiane i den oransje ytterkanten av spelebrettet).
    • Plasser ytterlegare tre brikker på spelebrettet ved hjelp av terningkast.

Runde 2: Bestem situasjon og roller
  • Trekk eit situasjonskort, felles for heile gruppa.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Diskuter korleis situasjonen på situasjonskortet kan omskapast til ei forteljing med fire personar.
  • La kvar person i forteljinga svare til ei brikke på spelebrettet.

Runde 3: Fortel
  • Kast terning om kven som skal starte forteljinga. Den som får det høgaste kastet, begynner med orda «Det var ein gong …».
    Klikk for å kaste ein terning
  • Snu timeglaset. Når timeglaset er tomt, held eleven til venstre for den som begynte forteljinga, fram med å fortelje.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • Hald på brikka som du fortel om. Flytt brikka éin plass når du er ferdig med å fortelje.
  • Den neste forteljaren må velje seg ei anna brikke og fortelje vidare på historia frå synsvinkelen til denne figuren.
  • Unngå at nokon brikker blir ståande urørte i lang tid. Utnytt dei ulike brikkene til å skape framdrift og nye vendingar i forteljinga.
  • Når to brikker står i same rute, kan forteljaren la de to brikkene snakke med kvarandre.
  • Avslutt aktiviteten når konflikten i forteljinga er løyst.