Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  6. Tilbakeblikk

6. Tilbakeblikk


Oppvarming:
  • Les eller lytt til teksten som Erlend (15) har skrive. Kva er det som får eg-forteljaren til å hugse hendinga frå fortida?
    Media
  • Korleis endrar tilbakeblikket i forteljinga det inntrykket vi først får av eg-personen?
  • Diskuter korleis de kan skape naturlege overgangar mellom notid og fortid (i form av tilbakeblikk) i ei forteljing. Finn eksempel.

 

Mål med aktiviteten: De skal kunne bruke tilbakeblikk i ei forteljing for å gi lesaren bakgrunnskunnskapar om personar og hendingar.


De skal dikte vidare på forteljinga om den nye guten i klassen. Forteljinga skal innehalde fleire tilbakeblikk. Bruk orda på ordkorta til å få idear til kva tilbakeblikka skal handle om.

1) Planlegg tilbakeblikk
  • Gå saman i grupper på tre.
  • Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Trekk to ordkort og legg dei med orda opp, slik at de ser seks ord. De skal knyte to av desse seks orda til tilbakeblikk i forteljinga.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Diskuter korleis de kan knyte dei to orda til personane i forteljinga på ein fruktbar måte. Vel to ord som de vil bruke i tilbakeblikka.
  • Fyll ut tabellen nedanfor og planlegg på den måten både hovudhandlinga (kva som skjer etter at den nye guten har begynt i klassen) og tilbakeblikka (kva for opplysningar frå fortida som skal trekkjast inn i forteljinga):

Stikkord – kva skal skje i dei ulike avsnitta?
1. avsnitt - Innleiing: (innleiing, ferdig skriven)
2. avsnitt - Framhald av hovudhandlinga:
3. avsnitt - Tilbakeblikk A:
4. avsnitt - Framhald av hovudhandlinga:
5. avsnitt - Tilbakeblikk B:
6. avsnitt - Framhald av hovudhandlinga:
7. avsnitt - Avslutning:

2) Fortel historia saman
  • Kast terning for å fordele oppgåver mellom dykk:
    • Slår du det høgaste kastet, er du hovudforteljar med ansvar for innleiinga, hovudhandlinga og avslutninga.
    • Slår du det nest høgaste kastet, er du hjelpeforteljar med ansvar for dei to tilbakeblikka.
    • Slår du det lågaste kastet, er du publikum. Du skal lytte til den historia som hovudforteljaren og hjelpeforteljaren fortel, og kommentere historia etter at ho er fortald.
      Klikk for å kaste ein terning
  • Fortel forteljinga. Hovudforteljaren startar og gir signal til hjelpeforteljaren når ho eller han skal fortelje sine delar. På same måten gir hjelpeforteljaren eit signal slik at hovudforteljaren veit når ho eller han skal fortelje vidare.
  • Når de er ferdige med å fortelje, lèt de den som hadde publikumsrolla, kommentere forteljinga:
    • Korleis klarte hovudforteljaren og hjelpeforteljaren å veksle på å fortelje? Forklar kva som var bra, og kva som kanskje kunne ha vore gjort på ein annan måte.
    • Klarte forteljarane å fortelje slik at det som skjedde i tilbakeblikka, kasta lys over det som skjedde i hovudhandlinga?
    • Fungerte tilbakeblikka som små historier i seg sjølv?
  • Fortel forteljinga for kvarandre fleire gonger. Byt roller:
    • Den som hadde rolla som publikum, tek over rolla som hovudforteljar.
    • Den som var hovudforteljar, tek over rolla som hjelpeforteljar.
    • Den som var hjelpeforteljar, tek over rolla som publikum.