Den nye guten
Den nye guten gjekk sakte ned frå kateteret og retta kursen mot nabopulten min. Eg lo litt for meg sjølv. Den guten skulle nok få det tøft i klassen vår. Forsiktig og litt klønete sette han seg ned på plassen sin, og det var då eg såg det. Han mangla venstre veslefinger. Øyra var også dei same. Spisse og utståande. Men det var veslefingeren som plaga meg, for det var eg som hadde mista styringa på bikkja vår for sju år sidan. Eg hugsa korleis guten hadde skrike som ein galning då Fido beit, og eg hugsa korleis eg sjølv stakk av over alle haugar. Dagen etter hadde det stått noko i avisene om at ein hund hadde gått til angrep på ein sjuåring og bite fingeren av han. Eg kryssa fingrane for at den nye guten ikkje ville hugse meg like godt som eg hugsa han.
Erlend (15)