Kongens draum
Da sa Finn: «Kva drøymde du, konge, med di du tykkjer det var slik skade at du ikkje vakna av deg sjølv?»
Da fortalde kongen draumen sin, at han tykte han såg ein høg stige, og at han gjekk opp etter den så langt opp i lufta at han tykte han såg himmelen opna seg, og så langt nådde stigen. «Eg var nett kommen på det øvste steget,» sa han, «da du vekte meg.» Finn svara: «Eg synest ikkje denne draumen er så god som du synest. Eg tenkjer dette varslar at du er feig, såframt det er noko anna enn søvnørske som kom føre deg.» [---]
Snorre Sturlason