Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  8. Bodskap

8. Bodskap


Oppvarming:

Hending 1: Sara får ein ny sykkel i gåve.

Hending 2: Sara legg frå seg sykkelen for å rekke trikken.

Hending 3: Sara oppdagar at sykkelen er stolen.

  • Gå saman i par.
  • Diskuter kva som kan vere bodskapen i forteljinga som er skissert ovanfor: Kva kan vere formålet med å dikte opp ei slik historie til små barn?
  • Diskuter korleis de kan leggje til to hendingar og gi forteljinga ein ny bodskap.
 
Mål med aktiviteten:
  • De skal kunne planleggje ei forteljing med utgangspunkt i ein gitt bodskap.
  • De skal kunne lage oversikter som viser korleis hendingane i ei forteljing heng saman.


De skal planleggje historier med fem hendingar med tanke på å få fram ein bestemt bodskap.

Runde 1: Bestem bodskapen
  • Gå saman i par.
  • Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Kast terning for å avgjere kva for bodskap forteljinga dykkar skal ha:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Diskuter innhaldet i ordtaket. Kva betyr det?
  • Lag ei liste med tre situasjonar som kan passe til ordtaket.

Runde 2: Fyll ut handlingsdiagram
  • Planlegg handlinga ved å fylle ut diagrammet nedanfor:
    • Kvar runding i diagrammet skal svare til ei sjølvstendig hending.
    • Hendingane skal følgje naturleg etter kvarandre.
    • Den siste hendinga skal gjere bodskapen tydeleg for lesaren.
  • Når de har fylt ut det første diagrammet, teiknar de liknande diagram på eigne ark.
  • Lag eit handlingsdiagram til kvart ordtak.

Hending 1:

Hending 2:

Hending 3:

Hending 4:

Hending 5: