8. Bodskap
Oppvarming:
Hending 1: Sara får ein ny sykkel i gåve.
Hending 2: Sara legg frå seg sykkelen for å rekke trikken.
Hending 3: Sara oppdagar at sykkelen er stolen.
- Gå saman i par.
- Diskuter kva som kan vere bodskapen i forteljinga som er skissert ovanfor: Kva kan vere formålet med å dikte opp ei slik historie til små barn?
- Diskuter korleis de kan leggje til to hendingar og gi forteljinga ein ny bodskap.
Mål med aktiviteten:
- De skal kunne planleggje ei forteljing med utgangspunkt i ein gitt bodskap.
- De skal kunne lage oversikter som viser korleis hendingane i ei forteljing heng saman.
De skal planleggje historier med fem hendingar med tanke på å få fram ein bestemt bodskap.
Runde 1: Bestem bodskapen
- Gå saman i par.
- Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
- Kast terning for å avgjere kva for bodskap forteljinga dykkar skal ha:
- Diskuter innhaldet i ordtaket. Kva betyr det?
- Lag ei liste med tre situasjonar som kan passe til ordtaket.
Runde 2: Fyll ut handlingsdiagram
- Planlegg handlinga ved å fylle ut diagrammet nedanfor:
- Kvar runding i diagrammet skal svare til ei sjølvstendig hending.
- Hendingane skal følgje naturleg etter kvarandre.
- Den siste hendinga skal gjere bodskapen tydeleg for lesaren.
- Når de har fylt ut det første diagrammet, teiknar de liknande diagram på eigne ark.
- Lag eit handlingsdiagram til kvart ordtak.
Hending 1:
Hending 2:
Hending 3:
Hending 4:
Hending 5: