Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Forteljing  >  9. Interaktiv forteljing

9. Interaktiv forteljing


Oppvarming:


Situasjon 1) Du er motstandsmann eller -kvinne under den andre verdskrigen. Du har fått tips om at fetteren din er angivar for tyskarane, og at motstandsrørsla på heimstaden din har bestemt seg for å drepe han. Kva gjer du?

Val A) Du inviterer fetteren din med på blåbærtur og dyttar han utfor ein skrent.
Val B) Du fortel fetteren din at han er avslørt, sånn at han kan rømme frå bygda.
Val C) Du fortel fetteren din at du er motstandsmann, og ber han skifte side.

  • Illustrasjonen ovanfor viser eit lysbilete i eit presentasjonsprogram. For å komme deg vidare til neste lysbilete i forteljinga må du klikke på ein av dei tre boksane. Peik på tre nye val som kan oppstå dersom de bestemmer dykk for å fortelje fetteren at han er avslørt.
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne planleggje og lage ei interaktiv forteljing.


Runde 1: Planlegg interaktiv forteljing
  • Gå saman i par.
  • Trekk eit situasjonskort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Lag ein hovudperson til forteljinga.
  • Skriv stikkord for kven denne rollefiguren er (kjønn, alder, bakgrunn, bustad osv.)
  • Bestem kva for situasjon som skal vere den første i den interaktive forteljinga. Bruk stikkord for å beskrive denne situasjonen i startfeltet i figuren.
  • Skriv inn valmogelegheitene på pilene og fyll ut dei ulike rundingane i figuren.
  • Legg til nye boksar og piler dersom de treng det.

Runde 2: Lag interaktiv forteljing
  • Last ned PowerPoint-malen Interaktiv forteljing her.
  • Følg instruksjonane i PowerPoint-malen og lag ei interaktiv forteljing.