Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  1. Mimespel

1. Mimespel


Oppvarming:

Tilleggsutstyr: spelebrikker
  • Korleis vil de mime at laget de speler mot i ein ishockeykamp, vinn kampen i siste sekund?
  • Korleis vil de mime at de ventar på bussen?
  • Korleis vil de mime at de er irriterte på støyen frå ein fest i nabohuset?

 
Mål med aktiviteten: De skal kunne bruke ansiktsuttrykk, gestar og kroppsspråk til å skildre gjenstandar, situasjonar og fenomen.


Mimeleik med ordkort
  • To eller tre par konkurrerer mot kvarandre.
  • Plasseringa rundt spelebrettet avgjer kven som er på lag: Dei to som sit tvers overfor kvarandre, utgjer eit par.
  • Set dykk rundt spelebrettet og legg bunken med ordkort mellom dykk.
  • Kvart par plasserer ei brikke på det grøne startfeltet.
  • Kast terning for å avgjere kva for eit av orda på ordkortet som skal mimast. Kastet gjeld alle deltakarane til bunken med ordkort er tom:
    Klikk for å kaste ein terning
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Dersom de ønskjer ein lettare versjon av spelet, kan den som trekkjer ordkort, sjølv velje kva for eit av orda på kortet som skal mimast.
  • Kast terningen. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Snu timeglaset.
    Timeglas: Klikk for å snu
    Trekk eit ordkort og mim det ordet som de er blitt einige om (det øvste, det midtarste, det nedste – eller eit valfritt ord blant dei tre).
    Kort: Klikk for å trekkje
    Partnaren skal gjette kva for eit ord den andre prøver å mime. Dersom den som gjettar, gjettar rett, trekkjer den som mimar, eit nytt ordkort og mimar vidare.
  • Den som gjettar, kan melde pass. Den som mimar, må då trekkje eit nytt ordkort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Avbryt gjetterunden når timeglaset er tomt for andre gong.
    Timeglas: Klikk for å snu
  • For kvart ordkort som paret har lagt til side, får dei kaste terningen éin gong.
    Klikk for å kaste ein terning
    Dei flyttar spelebrikkene sine framover så mange plassar som terningen viser. Følg anten den korte raude løypa eller den lange grøne løypa.
  • Turen går vidare til spelaren til venstre for den som mima.
  • Stokk ordkorta på nytt dersom alle blir snudde i løpet av spelet. Avtal om de no skal bruke eit anna ord enn tidlegare i spelet (for eksempel det midtarste dersom de tidlegare har mima til det øvste).
  • Det paret som kjem først i mål, vinner.