Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  2. Aktiv regissør og tause skodespelarar

2. Aktiv regissør og tause skodespelarar


Oppvarming:
  • Les eller lytt til teksten «Der ingen skulle tru».
    Media
  • Ein elev les opningsreplikken til forteljaren («Det er bitande kaldt ...»).
  • Korleis kan de mime at det er bitande kaldt? Diskuter korleis de kan mime innhaldet i opningsreplikken. Kom med konkrete forslag.

 
Mål med aktiviteten:
  • De skal kunne regissere eit kort skodespel.
  • De skal kunne spele roller utan å framføre noko munnleg – berre ved hjelp av ansiktsuttrykk, kroppsspråk og usynlege rekvisittar.


Aktiviteten går ut på å øve inn eit lite skodespel der regissøren heile tida fortel kva som skjer. Skodespelarane framfører rollene sine først og fremst ved hjelp av ansiktsuttrykk, kroppsspråk og usynlege rekvisittar (gjenstandar).

Runde 1: Planlegg eit miniskodespel
  • Gå saman i grupper på fem eller seks elevar.
  • Bestem kven som skal vere regissør.
  • Regissøren trekkjer eit situasjonskort,
    Kort: Klikk for å trekkje
    seier kva som står på kortet, og ber om forslag til korleis miniskodespelet kan byggjast opp. Regissøren noterer undervegs.
    • Kva er tid og stad for handlinga?
    • Korleis skal skodespelet starte og slutte?
    • Kven skal mime kva for roller? Kan nokon av skodespelarane ha fleire biroller?
    • Kan nokon mime kulisser eller fenomen (basketballstativ, tre, vind osv.)?
  • Avslutt diskusjonen etter fem minutt.

Runde 2: Øv inn miniskodespelet
  • Regissøren fortel korleis skodespelet skal gjennomførast, på bakgrunn av det gruppa har diskutert.
    • Regissøren ber skodespelarane stille seg opp.
    • Regissøren skal skildre rollefigurar, kulisser og rekvisittar så godt at skodespelarane forstår korleis dei kan bevege seg. Regissøren styrer det som skjer på scena, og kan eventuelt dikte opp nye hendingar og detaljar for å binde førestellinga betre saman.
    • Skodespelarane lyttar til regissøren og følgjer instruksjonane lojalt.
    • Rund av skodespelet i løpet av ti minutt.

Runde 3: Vurder miniskodespelet
  • Diskuter gjennomføringa av miniskodespelet:
    • Kva var bra med innleiinga? Kva kunne ha vore betre?
    • Kva var bra med avslutninga? Kva kunne ha vore betre?
    • Var det nokon som klarte å mime noko på ein spesielt vellykka måte? Forklar.
    • Kunne de ha lagt til fleire hendingar eller skildringar? Kvar?

Andre versjonar
  • Bruk framføringskort og/eller ordkort i tillegg til situasjonskorta.
    • Regissøren trekkjer eit framføringskort som skildrar korleis de skal framføre teksten.
      Kort: Klikk for å trekkje
    • La regissøren trekkje framføringskort undervegs i miniskodespelet for å kunne tildele skodespelarane korte replikkar som skal framførast på ein spesiell måte.
      Kort: Klikk for å trekkje
    • La regissøren trekkje fem ordkort undervegs i miniskodespelet for å få nye idear til rekvisittar og hendingar.
      Kort: Klikk for å trekkje
      Kort: Klikk for å trekkje
      Kort: Klikk for å trekkje
      Kort: Klikk for å trekkje
      Kort: Klikk for å trekkje
  • La regissøren vere ein forteljar som gjennom forteljarstemma forklarer publikum kva som skjer på scena. Skodespelarane må lytte nøye til forteljinga, for gjennom forteljarstemma kan regissøren gi heilt nye instruksjonar. Skodespelarane må då improvisere etter beste evne.