Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  3. Tablå

3. Tablå


Oppvarming:

Hovudpersonen i forteljinga, ei forsiktig jente, har forelska seg i ein gut på skulen. Guten ber henne med kino, der dei har det hyggeleg saman. Dagen etter gler ho seg til å møte guten igjen.
  • Les eller lytt til teksten «Kjærleik for første gong»
    Media
  • Gå saman i grupper på fire elevar.
  • Lag eit stillbilete av scena der jenta når fram til gjengen.
  • Vis i sakte film korleis jenta skjønar korleis ho har blitt lurt.
  • Avslutt med eit stillbilete der jenta snur seg bort i sorg og fortviling.
 

Mål med aktiviteten: De skal kunne planleggje korleis de vil bruke scena for å framstille eit augneblinksbilete.


Runde 1: Stillbilete og sakte rørsle
  • Arbeid vidare i dei same gruppene som arbeidde saman i oppvarmingsøvinga.
  • Bestem kven som skal vere regissør i den første runden.
  • Regissøren trekkjer eit situasjonskort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Diskuter korleis de kan lage eit stillbilete ut frå den situasjonen som er skildra på situasjonskortet.
  • Lag eit stillbilete for å framstille den situasjonen som er skildra på situasjonskortet:
    • Diskuter kven i gruppa som skal førestelle personar, og kven som skal førestelle gjenstandar eller vere rekvisittar.
    • Diskuter korleis de kan bruke kroppsspråk, ansiktsuttrykk og blikkretning for å fortelje mest mogeleg om den situasjonen som er oppstått.
    • Regissøren skal instruere dei andre om plassering på scena, kroppsspråk og ansiktsuttrykk.
  • La stillbiletet gli over i sakte rørsler til eit nytt stillbilete. Regissøren gir på ein diskret måte signal om når rørslene skal starte og slutte.
  • Gjennomfør nye rundar til alle på gruppa har vore regissør.

Runde 2: Felles framføring
  • Framfør stillbileta for resten av klassen.
  • La dei andre gruppene gjette kva for situasjon de prøvde å framstille.