Mål med aktiviteten: De skal teikne skisser av scener i eit skodespel for å få fram korleis plassering av skodespelarar, rekvisittar og kulisser kan formidle og forsterke ein bodskap.
Runde 1: Lag skisser til scener i eit skodespel
- Gå saman i par.
- Finn fram A4-ark og skrivesaker.
- Trekk eit situasjonskort. Skriv teksten på situasjonskortet nedst på eit A4-ark.
- Diskuter korleis situasjonen som er skildra på situasjonskortet, kan overførast til ei scene.
- Teikn to situasjonsbilete med utgangspunkt i det same situasjonskortet. Lag éi teikning kvar, men bli einige om kven som skal teikne kva:
- Dei to teikningane skal illustrere ulike hendingar i den same handlinga:
- Nokre element skal vere like på dei to teikningane (f.eks. kulisser).
- Andre element skal vere ulike (f.eks. plasseringa og kroppsspråket til skodespelarane).
- Begge teikningane skal vise eit totalbilete av scena (ikkje nærbilete).
- Bruk berre den øvste delen av arket til å teikne. Den nedste delen held de av til tekst.
- Skriv scenetilvisingar i ein parentes under teikninga. Beskriv eventuelle detaljar som er viktige. Beskrivingane kan for eksempel gjelde
- kulisser
- rekvisittar
- kostyme
- bruken av lyd og lys
- plasseringa til skodespelarane på scena
- Skriv ei replikkveksling mellom to eller fleire av figurane på teikninga. Skriv replikkvekslinga slik at namnet på rollefiguren som seier replikken, er plassert til venstre for sjølve replikken.
- Trekk eit nytt situasjonskort og teikn nye scenebilete.
Gjennomfør aktiviteten tre gonger.
Runde 2: Diskuter scenebileta
- Set dykk saman med eit anna par.
- Presenter først dei to teikningane som de er mest fornøgde med. Forklar for det andre paret korleis teikningane passar saman med situasjonen som var skildra på situasjonskortet.
- Skift roller. La det andre paret få presentere to av sine teikningar.
- Hald fram med å presentere teikningar for kvarandre til alle teikningane er gjennomgått.
- Vel ut dei to teikningane som passar best for ein presentasjon for resten av klassen. Bruk desse kjenneteikna når de vel ut dei to teikningane:
- Det må vere mogeleg å forstå kva teikninga føresteller.
- Det må vere ein tydeleg samanheng mellom teikninga og situasjonen frå situasjonskortet.
- Teikningane bør kunne gi andre elevar gode idear når det gjeld scenebruk og bruk av kulisser eller rekvisittar.