5. Rollekort
Oppvarming:
Rollekort
ROLLEKORT FOR JORUNN-MARIE (15)
Bustad: Ringebu kommune (trong loftsleilegheit)
Familie: Bur hos mor og far. Tre eldre sysken har flytta ut
Favorittmusikk: Mozart
Favorittbok: Evighetens kyss av Stephenie Meyer
Favorittstad: Jotunheimen
Mest stolt av: Dei nye buksene ho kjøpte i Stockholm
Minst stolt av: Dei manipulerte bileta ho spreidde på Internett
Draumejobb: Modell
Største ønske: Bli kjærast med den tre år eldre naboen
Største frykt: Å gå tom for batteri på mobiltelefonen
Særtrekk: Har lett for å misforstå og vondt for å innrømme feil
- Les rollekortet for Jorunn-Marie. Kva får vi vite om henne og interessene hennar?
- Tenk dykk at de skal levere eit manusforslag til ein heilt ny tv-serie. Kva trur de at tv-selskapet vil vere mest interessert i – detaljerte replikkar, detaljerte rollekort eller ei detaljert skildring av handlinga? Grunngi svaret.
Mål med aktiviteten: De skal kunne utvikle interessante og truverdige rollefigurar ved hjelp av rollekort.
Runde 1: Lag rollekort
- Gå saman i par.
- Samarbeid om å lage tre rollekort, av same typen som for Jorunn-Marie. Pass på at alle rollefigurane har noko uventa ved seg.
Runde 2: Gå inn i rollene
- Gå saman i grupper på fire elevar. Ta med dykk rollekorta til den nye gruppa.
- Merk rollekorta med tala frå 1 til 6.
- Slå terning om kven som skal ha kva for eit rollekort:
- Slår du terningkast 1, skal du ha rollekort 1.
- Slår du terningkast 2, skal du ha rollekort 2, osv.
- Trekk eit situasjonskort for heile gruppa.
- Diskuter dykk fram til korleis alle dei fire rollefigurane kan vere involverte i situasjonen som de har trekt. Kanskje må de godta at nokre av rollefigurane berre har ei laus tilknyting til situasjonen, for eksempel ved å vere tilfeldig forbipasserande.
- Trekk framføringskort, eitt for kvar deltakar. Byt kort med kvarandre dersom framføringskorta passar dårleg til dei rollene som de har skapt.
- Øv inn eit lite skodespel og framfør det for klassen.