Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  6. Foredrag

6. Foredrag


Oppvarming:
  • Les innleiinga til «Julestjernas historie» for kvarandre. Les som om de held eit foredrag for ei stor forsamling.
    Media
  • Idémyldre om kva de tenkjer på når de høyrer ordet foredrag.
 
Mål med aktiviteten: Du skal kunne leve deg inn i rolla som foredragshaldar.


Aktiviteten går ut på at de skal halde eit foredrag med utgangspunkt i tre ord som eigentleg har lite med kvarandre å gjere. Bruk foredraget til å skape ein samanheng mellom dei tre orda.

VARIANT 1
Foredrag med utgangspunkt i tre ord
  • Gå saman i grupper
  • Legg bunken med ordkort mellom dykk.
  • Kast terningen. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Trekk eit ordkort og eit framføringskort. Alle dei tre orda som står skrivne på ordkortet, skal flettast inn i eitt og same foredrag.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Hald foredraget på den måten som står på framføringskortet.
  • Vurder saman om dei tre orda på ordkortet blei fletta inn i foredraget på ein god måte. La turen gå vidare til nestemann.
  • Hald fram til alle elevane har framført minst tre foredrag kvar.

VARIANT 2
Foredrag med utgangspunkt i eit ord
  • Gå saman i grupper
  • Legg bunken med ordkort mellom dykk.
  • Kast terningen. Den som får det høgaste talet, skal begynne.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Trekk eit ordkort og eit framføringskort. Vel sjølv kva for eit av dei tre orda på ordkortet du vil halde foredrag over.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Hald foredraget på den måten som står på framføringskortet.
  • Tel poeng. Dess lenger du klarer å snakke, samtidig som du held deg til saka, dess fleire poeng får du:
    • Du får eitt poeng for kvar gong timeglaset renn ut – så lenge du held deg til det oppgitte ordet.
      Timeglas: Klikk for å snu
    • Dersom alle som lyttar til foredraget, er einige om at du ikkje lenger held foredrag om det oppgitte ordet, er foredraget slutt.
  • Hald fram til alle elevane har framført minst tre foredrag kvar.
  • Tel poeng for å finne ut kven som har vunne.