Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  7. Kriminaldrama - opningsreplikk og sluttreplikk

7. Kriminaldrama - opningsreplikk og sluttreplikk


Oppvarming:
  • Gå saman i grupper.
  • Les eller lytt til innleiinga til høyrespelet Døde menn går på ski og still tre spørsmål som de meiner at lyttarane bør få svar på ved å lytte til resten av høyrespelet.
    Media
  • Beskriv dei metodane som Knut Nærum har brukt for å hekte lesaren allereie i innleiinga.
 
Mål med aktiviteten:
  • De skal kunne byggje opp spenning i ein dramatekst.
  • De skal kunne bruke ulike metodar for å lage og utvikle roller som passar skodespelarar og publikum.


De skal planleggje dei fem første minutta av eit skodespel. De skal vekkje forventningar om kva som skal skje, og korleis det skal skje. Publikum skal føle at mykje står på spel, og vere litt usikre på korleis dei fire rollefigurane vil utvikle seg vidare.

Runde 1: Planlegg eit kriminaldrama
  • Kast terningen to gonger for å avgjere kva for ein replikk som skal vere opningsreplikken i dramaet:
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1 eller 2 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 3 eller 4 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Kast terningen to gonger til for å avgjere kvar hendingane skal skje:
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2 eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5 eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Lag ein tabell med tre kolonnar. Kvar rollefigur skal ha si eiga rad i tabellen:
    • I den venstre kolonnen skriv de ned nøkkelfakta om kvar rollefigur.
    • I den midtarste kolonnen skriv de ned kva som er det viktigaste målet til rollefiguren.
    • I den høgre kolonnen skildrar de kva for val rollefiguren står overfor.
  • Finn på ei handling. Øv inn skodespelet og spel det for resten av klassen.
  • Avslutt framføringa med denne sluttreplikken: «Her sluttar første episode. Følg med for å sjå kva som skjer i neste episode!»

Runde 2: Redigert reprise
  • Fortel klassen at de vil spele skodespelet for dei ein gong til:
    • Denne gongen har publikum lov til å avbryte framføringa ved å rope «stopp». Ingen elevar kan rope «stopp» meir enn éin gong.
    • Den som har ropt «stopp», reiser seg frå plassen sin og overtek rolla til ein av skodespelarane.
    • Den nye skodespelaren bestemmer sjølv korleis han eller ho vil spele rolla si – dei andre skodespelarane må improvisere. Kriminaldramaet kan ta ei heilt ny retning!
    • Avslutt framføringa med denne sluttreplikken: «Her sluttar første episode. Følg med for å sjå kva som skjer i neste episode!»