Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  8. Skodespel for ulike aldersgrupper

8. Skodespel for ulike aldersgrupper


Oppvarming:
  • Les eller lytt til utdraget frå Karius og Baktus.
    Media
  • Kva er temaet i forteljinga om Karius og Baktus? Kva er bodskapen?
  • Tenk dykk at de har fått i oppdrag å lage ein film for å få ungdom til å ta betre vare på tennene sine. Korleis ville de ha løyst ei slik oppgåve?
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne lage og framføre eit skodespel for ulike typar publikum.


Skodespel for ulike typar publikum
  • Gå saman i grupper på fem elevar.
  • Trekk eit temakort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Formuler ein bodskap ut frå temakortet. Skriv ned bodskapen på eit ark.
  • Kast terningen for å avgjere kven som skal vere publikum:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Planlegg skodespelet ved å notere ned stikkord på eit ark:
    • Kvar og når går handlinga føre seg?
    • Korleis ser omgivnadene ut?
    • Korleis skal skodespelet begynne?
    • Skal slutten vere lykkeleg, trist eller open?
  • Bestem kven som skal ha dei fem rollene:
    • Kven skal vere hovudperson?
    • Kven skal skape vanskar for hovudpersonen?
    • Kven hjelper hovudpersonen?
    • Kven skal stille spørsmål på vegner av publikum?
    • Kven har til oppgåve å kommentere handlinga for å få bodskapen klart fram til publikum?
  • Øv inn eit skodespel som skal vare i tre minutt.
  • Når skodespelet er avslutta, forklarer de korleis de tilpassa det for det aktuelle publikummet.