Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  9. Brevskrivaren

9. Brevskrivaren


Oppvarming:
  • Les utdraget frå teksten «Frå ei stille jente» for kvarandre. Les teksten med låg, sår stemme.
    Media
  • Korleis kan de mime innhaldet i tekstutdraget? Den eine av dykk mimar mens den andre les høgt.


 

Mål med aktiviteten: De skal kunne skape og framstille ein truverdig rollefigur.


Aktiviteten går ut på at de skal skrive brev som passar til den situasjonen som de får oppgitt. Brevet skal også passe saman med ein eigenskap som særpregar brevskrivaren. Deretter skal den eine lese brevet høgt mens den andre mimar innhaldet i det.

Runde 1: Skriv og framfør eit brev
  • Arbeid saman i par.
  • Trekk eit situasjonskort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Kast terningen to gonger for å komme fram til ein eigenskap ved brevskrivaren:
  1. Første kast
    Klikk for å kaste ein terning
  2. Andre kast
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 1, 2, eller 3 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk denne terningen dersom du fekk 4, 5, eller 6 i første kast:
    Klikk for å kaste ein terning
  • Bruk inntil ti minutt på å skrive eit brev knytt til den situasjonen de trekte. Pass på å få med formuleringar som er typiske for brevsjangeren.
  • Øv på å framføre brevet. Den eine les brevet høgt, mens den andre mimar innhaldet. Vurder kor samstemde de ønskjer å vere.

Runde 2: Vurder framføringa
  • Framfør for eit anna par (eller for heile klassen).
  • La paret (eller klassen) vurdere brevet og framføringa etter kriteria: veit ikkje, i nokon grad, i stor grad og i svært stor grad
    • Brevet verkar truverdig og passar til situasjonen. Brevskrivaren har den oppgitte eigenskapen.
    • Elevane viser evne til å gå inn i rollene sine fullt og heilt når dei framfører.
    • Elevane kommuniserer effektivt med publikum.