Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  10. Dei indre stemmene

10. Dei indre stemmene


Oppvarming:
  • Gå saman i grupper på tre elevar.
  • Les eller lytt til utdraget frå Ringenes Herre.
    Media
  • Øv dykk på å lese teksten med to ulike stemmer: Bruk ei mild stemme i første, tredje og femte replikk og ei vondskapsfull stemme i andre, fjerde og sjette replikk.
  • Korleis kan ein få fram på ei scene at ein rollefigur blir trekt mellom det gode og det vonde?
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne framstille tankane til ein person ved hjelp av ulike teknikkar.


Aktiviteten går ut på at de skal framstille ein hovudperson som grublar over eit problem. Denne hovudpersonen snakkar med seg sjølv, men kan også «høyre» stemmer som dreg han eller henne i ulike retningar.

Runde 1: Lag og framfør eit skodespel
  • Gå saman i grupper på tre.
  • Trekk eit situasjonskort.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Vurder kva for personar som er involverte i situasjonen som er skildra på situasjonskortet. Vel ein av desse personane som rollefigur for skodespelet dykkar. Det er viktig at denne rollefiguren står overfor eit vanskeleg val.
  • Kast terning om kven som skal ha kva for roller i skodespelet:
    • Den som får det høgaste kastet, går inn i rolla som den grublande hovudpersonen.
    • Den som får det nest høgaste kastet, går inn i rolla som den gode stemma. Den gode stemma skal prøve å overtale hovudpersonen til å ta dei rette vala, det vil seie gode val.
    • Den som får det lågaste kastet, går inn i rolla som den vonde stemma. Den vonde stemma skal prøve å overtale hovudpersonen til å gjere dei galne vala, det vil seie vondskapsfulle eller egoistiske val.
      Klikk for å kaste ein terning
  • Planlegg skodespelet:
    • Korleis skal dei tre rollefigurane vere plasserte i forhold til kvarandre på scena?
    • Korleis skal publikum kunne forstå at det berre er hovudpersonen som er verkeleg, og at dei to stemmene er fantasiskapningar i hovudet til hovudpersonen?
    • Skal dei to stemmene berre representere det gode og det vonde, eller skal dei i tillegg førestelle bestemte personar eller skapningar?
    • Kven skal ha den første og den siste replikken?
    • Kva skal dei to stemmene foreslå? Kva for argument og eksempel skal de bruke?
    • Korleis skal skodespelet ende?
  • Øv inn skodespelet.
  • Framfør skodespelet, anten for ei anna gruppe eller for heile klassen.

Runde 2: Vurder skodespelet
  • Diskuter framføringa av skodespelet:
    • Korleis fungerte måten skodespelarane var oppstilte på?
    • Korleis brukte skodespelarane ansiktsuttrykk og kroppsspråk når dei sjølve var tause?
    • Kunne publikum oppfatte at hovudpersonen var i sterk tvil, eller dominerte den eine stemma for mykje over den andre?