Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  11. Sidereplikkar

11. Sidereplikkar


Oppvarming:

Sidereplikk blir brukt når ein skodespelar vender seg direkte til publikum, over hovudet på medspelaren eller medspelarane sine. Ein sidereplikk kan ofte gi avslørande opplysningar om den personen skodespelaren framstiller. Tilskodaren får slik nærmast ei rolle i skodespelet, som ein fortruleg venn av skodespelaren. Sidereplikk blei mykje brukt i eldre drama, blant anna av William Shakespeare, men er lite brukt i moderne drama.
  • Les eller lytt til dramateksten «Eit spørsmål om skuld».
    Media
  • Kva er ein sidereplikk? Bruk dykkar eigne ord for å forklare omgrepet.
  • Kan de hugse at de har opplevd sidereplikkar i seriar på fjernsyn? Gi eventuelt eksempel på korleis slike sidereplikkar blir brukte.
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne gi publikum opplysningar om rollefigurane ved å bruke sidereplikkar og vanlege replikkar.


VARIANT 1
Lag eit skodespel med sidereplikkar
  • Gå saman i grupper på tre eller fire elevar.
  • Trekk eit situasjonskort for heile gruppa.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Trekk eit framføringskort for kvar deltakar.
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Lag rollekort til alle ut frå situasjonskortet og framføringskorta som de har trekt.

Rollekort
Namnet på rollefiguren:
Alderen til rollefiguren:
Kva ønskjer rollefiguren å oppnå?
Kva hindrar rollefiguren i å oppnå ønsket sitt?
Kva for oppleving held rollefiguren skjult for dei andre?
Kva for synspunkt held rollefiguren skjult for dei andre?
  • Kast terningen for å avgjere kor mange sidereplikkar kvar av dykk skal få.
    • Får du det høgaste kastet, får du tre sidereplikkar.
    • Får du det nest høgaste kastet, får du to sidereplikkar.
    • Får du verken det høgaste eller det nest høgaste kastet, får du éin sidereplikk.
      Klikk for å kaste ein terning
  • Avtal eit signal som varslar sidereplikk, for eksempel å vise fram handflata. Når signalet blir vist, skal dei andre rollefigurane fryse til is.
  • Bli einige om korleis de skal bruke sidereplikkane:
    • Skal de bruke dei for å fortelje publikum kva de eigentleg meiner?
    • Skal de bruke dei for å dele løyndommar med publikum?
    • Skal de bruke dei for å forklare noko av bakgrunnen for situasjonen som har oppstått?
  • Øv inn eit skodespel som varer i om lag seks minutt.
  • Framfør for klassen.

VARIANT 2
Lag eit skodespel utan sidereplikkar
  • Trekk situasjonskort og framføringskort og lag rollekort som i versjon 1.
    Kort: Klikk for å trekkje
    Kort: Klikk for å trekkje
  • Dropp sidereplikkane.
  • Bruk dei vanlege replikkane til å gi publikum opplysningar om rollefigurane:
    • Tiltal rollefigurane ved namn (nokre gonger).
    • Gi opplysningar om rollefigurane som du snakkar til. (For eksempel: «Du som har ein far som tener tre millionar i året, kan du låne meg ein tiar?»)
    • Spel delar av skodespelet utan alle rollefigurane til stades, slik at de kan omtale eller baksnakke dei fråverande rollefigurane.
  • Øv inn eit skodespel som varer i om lag seks minutt.
  • Framfør for klassen.

ROLLEKORT FOR
Teikning:

Bustad:
Familie:
Favorittmusikk:
Favorittbok:
Favorittstad:
Mest stolt av:
Minst stolt av:
Draumejobb:
Største ønskje:
Største frykt: