Du er her: Hovudsida  >  KOPIORIGINALAR  >  Drama  >  12. Manuskript

12. Manuskript


Oppvarming:

Rolleliste til «En aldri så liten hjertesak»

Silje
Doktor Hoffmann
Søster Sande
Olivia
  • Lytt til grøssarhøyrespelet En aldri så liten hjertesak av Charlotte Halvorsen.
    Media
  • Kva for ønske og kjensler pregar dei ulike rollefigurane i høyrespelet?
  • Kva for lydeffektar er brukte i høyrespelet? Kva er formålet med dei ulike lydeffektane?
 
Mål med aktiviteten: De skal kunne skrive eit manuskript til eit høyrespel.


De skal lage manuskriptet til dei første scenene i eit høyrespel. Bruk En aldri så liten hjertesak som utgangspunkt, men flett gjerne inn eigne replikkar. Det er også lov til å stryke eller endre replikkar.

Runde 1: Lag råmanus
  • Gå saman i par.
  • Ta fram skrivesaker og noko å skrive på.
  • Lytt til høyrespelet éin gong til. Fordel arbeidsoppgåver:
    • Éin av dykk noterer stikkord for å hugse hovudtrekka i handlinga.
    • Éin av dykk noterer stikkord for å skildre kva for lydeffektar som er brukte.
  • Lag ein disposisjon som viser kva som skal skje i dei ulike scenene i høyrespelet.

Runde 2: Skriv manuskript
  • Kast terning for å avgjere kva for ei scene de skal skrive manuskript til.
    Klikk for å kaste ein terning
  • Skriv manuskriptet i form av replikkar og scenetilvisingar:
    • Opplysningar om lydeffektar skal stå over og under replikkane. Skriv opplysningane i parentes – og med skråstilt skrift dersom de skriv på datamaskin.
    • Når de skriv replikkar, skal namnet til rollefiguren stå til venstre på linja.
    • Opplysningar om korleis rollefiguren snakkar (for eksempel oppjaga, kviskrar, roper), plasserer de i ein parentes før sjølve replikken.

Runde 3: Les høgt frå manuskriptet
  • Gå saman med eit anna par.
  • Fordel roller og framfør manuskripta. Følg instruksjonane om lydeffektar og stemmebruk så godt det lèt seg gjere.