Diskusjon
Ein diskusjon er ei meiningsutveksling mellom to eller fleire personar om eit tema. Diskusjonar kan ha ulike føremål, for eksempel:
- å finne moglege løysingar på eit problem
- å planleggje eller vurdere ei framføring
- å overtyde motparten eller tilhøyrarane om ei sak
Når du blir beden om å delta i ein diskusjon, er det viktig at du set deg godt inn i temaet. Du kan for eksempel skrive ned spørsmål på førehand, trene deg på å framføre dine eigne standpunkt eller tenkje deg inn i situasjonen til motparten.