Sjangrar og sjangertrekk
Ordet sjanger stammar frå det franske ordet genre, som betyr slekt eller art. Tekstar som høyrer til same sjanger, liknar kvarandre. Kjenneteikn som er felles for tekstar i same sjanger, kallar vi sjangertrekk. Dei kan ha både med form og innhald å gjere. Vanlege sjangertrekk ved fantasysjangeren er for eksempel at helten har overnaturlege eigenskapar, og at det finst overnaturlege skapningar som orkar, dragar og trollmenn.
Sjangrane deler vi inn i to hovudgrupper: skjønnlitterære sjangrar og sakprosasjangrar. Når tekstar ikkje passar heilt inn i éin spesiell sjanger, kallar vi det sjangerbrot. Vi kan også seie at tekstane høyrer til ein blandingssjanger.