Du er her: Hovudsida  >  FAGTEKSTAR  >  Sjangrar og sjangertrekk  >  Skjønnlitteratur og sakprosa

Skjønnlitteratur og sakprosa

 
Kva er hovudforskjellen på skjønnlitterære tekstar og saksprega tekstar?

- Skjønnlitterære tekstar byggjer i stor grad på fantasi. Forfattaren diktar opp ei verd som lesarane godtek og lever seg inn i. Forfattaren kan ha blitt inspirert av hendingar og personar frå røyndomen, men draumar og andre tekstar kan også vere med på å danne grunnlaget. Dei skjønnlitterære tekstane deler vi gjerne opp i tre undersjangrar: forteljingar (episk dikting), skodespel (dramatisk dikting) og dikt (lyrisk dikting).

- Saksprega tekstar kallar vi ofte for sakprosa. Tekstane byggjer på fakta og skildrar røyndomen på ein eller annan måte. Føremålet med slike tekstar kan for eksempel vere å informere om eit tema, å beskrive ein gjenstand eller å argumentere for eit synspunkt.
Media